Når du les dette, så er Nasjonal transportplan lagt fram. Allereie før regjeringa la NTP fram, låg det an til å drype oppsiktsvekkjande lite på oss i Ørsta - Volda.

I overskuande framtid må mjuke trafikantar framleis måtte gå ute i trafikken i Sjukehusvegen i Volda, tungtrafikken vil framleis dundre gjennom sentrum og sambandet med Torvmyrane vil henge i det blå. Mange naudsynte løysingar er avhengige av kva som skjer med E39, og ergo sit vi att med doble problem og negative dominoeffektar av å verte nedprioritert.

Det var ei selsom oppleving å sjå korleis transportkomiteen sin leiar, Sigbjørn Gjelsvik (Sp), framstilte Voldatunnelen då stortingspolitikarane stoppa i Furene denne veka. På lekkasjeturneen som susa gjennom distriktet, med ordførarar og pressa på slep, slapp dei den eine «gladnyheita» etter den andre.

Men smak litt på kva han eigentleg sa til Møre-Nytt: «Sidan planlegginga av Voldatunnelen har kome så langt, er det mogleg at vi kan få til oppstart av byggearbeidet i løpet av dei seks komande åra.»

Det er mogleg.

Men slett ikkje sannsynleg.

Redkatør i Møre-Nytt, Tormod Utne. Foto: Norsk Presseforbund

Ingenting tyder på at Voldatunnelen er nært føre oss. Ordførar og partifelle Sølvi Dimmen håpar på oppstart i 2027, og vi heiar på ho og håpar ho har rett i det. Men for innbyggarane hjelper tru og håp lite.

Faktum er at distriktet vårt igjen er ein tapar i kampen om vegpengar. Sannheita er at Batnfjordsøra har rykka forbi Volda – Furene og at Voldatunnelen er satt på vent i andre halvdel av NTP-planen. I verste fall skjer det ikkje noko før nærmare 2036. Det er frykteleg lenge til.

Solberg-regjeringa la opp til ein oppstart seinast i 2027. Det som faktisk skjedde denne veka var at Støre-regjeringa utsette Voldatunnelen og skøyv den ut i andre periode. At dette vart «feira» av transportkomiteen sine medlemmer, var oppsiktsvekkjande. Mange vil sei provoserande.

Tunnelen har ikkje vore mørkare på lang tid og sannheita er at Ørsta – Volda har tapt på samferdsle. Igjen.