Ut frå det Utne skriv kan ein få inntrykk av at ordninga med vald rektor er ei særordning ved Høgskulen i Volda, medan det i røynda er ei ordning med lange tradisjonar i universitets- og høgskulesektoren i Noreg. Universitet i Oslo, Universitetet i Bergen og Høgskolen i Molde er berre nokre av fleire andre institusjonar som også har vald rektor i dag, som tidlegare rektor og medieprofessor Johann Roppen peikar på i eit anna lesarbrev her i avisa.

I forkant av valet av leiarmodell som Utne refererer til, var det gjennomført breie og gode prosessar på Høgskulen i Volda, der tilsette og studentar blei inviterte med til å høyre på Universitetet i Bergen (med vald rektor) og Høgskulen på Vestlandet (med tilsett rektor) sine erfaringar. I forlenginga av dette hadde vi breie og gode diskusjonar om føremoner og ulemper ved dei ulike ordningane, noko som til slutt enda med at eit fleirtal i styret valde å halde fram med vald rektor for perioden 2023-2027.

Eit argument som vog tungt for dei som stemde for vald rektor, var at ein ved ordninga med tilsett rektor blir styreleiar utpeikt av departementet, medan tilsette og studentar får høve til røyste på den kandidaten ein føretrekkjer ved ordninga med vald rektor, som då også blir styreleiar. Det siste er etter vår meining langt meir demokratisk enn det første.

Etter at høgskulestyret hadde fatta vedtak om vald rektor, blei det sett i gong ein brei og open prosess med å finne rektorkandidatar. Det blei sett ned ein eigen komité som arbeidde aktivt for å få fram aktuelle kandidatar, og i den prosessen var det fleire aktuelle kandidatar. Av ulike årsaker var det til slutt likevel berre éin kandidat som stilte til val, og han blei røysta fram av svært mange tilsette og studentar ved høgskulen.

Vi skulle gjerne ha sett at det var fleire som stilte til val, men etter vårt syn er det mykje betre å ha ein vald rektor enn at departementet skal peike ut styreleiar, og at styret skal tilsetje ein rektor gjennom meir eller mindre lukka prosessar. Utne argumenterer for at vald rektor med berre éin kandidat er problematisk frå eit demokratiperspektiv. Vi har vanskeleg for å sjå at ein tilsett rektor, der tilsetjingsprosessen ligg til styret og til ikkje dei tilsette og studentane, skulle vere ei meir demokratisk ordning.

I ordninga med vald rektor er det dessutan gjerne slik at rektorkandidatane er fagleg tilsette ved eigen institusjon, og etter vår vurdering er det ein stor føremon at den som skal leie ein høgskule eller eit universitet, har god innsikt i undervisninga og forskinga sitt verdigrunnlag.

Det er også ein føremon at rektor gjerne skal tilbake til «sine eigne» etter at rektorperioden er over, då dette typisk vil føre til at rektor har ein meir aktiv dialog med tilsette og studentar under rektorperioden enn kva tilfellet vil vere med ein tilsett rektor. Med ein slik leiingsmodell kunne ein kanskje tenke seg at innføringa av Helseplattforma hadde blitt avlyst eller i det minste utsett i Møre og Romsdal?

Sist, men ikkje minst, vil vi streke under at vi har full tillit til vår valde og sitjande rektor, trass i den subtile kritikken av han som ein kan lese andre stader i Møre-Nytt same dag som redaktøren publiserte den nemnde leiarartikkelen.

Underteikna:

Stig J. Helset, professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Eivind Patrick Hanevik, studieleiar for grunnskulelærarutdanninga

Erik Cyrus Fooladi, professor ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Finn Ove Båtevik, professor ved Avdeling for samfunnsfag og historie

Arne Kåre Topphol, dosent ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Gudrun Kløve Juuhl, førsteamanuensis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Birgitte Fondevik, dosent ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Hjalmar Eiksund, førsteamanuensis ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Ole Frank Bakken, seniorrådgjevar ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning

Karen Brænne, professor ved Avdeling for kulturfag

Marit Ulvund, førsteamanuensis ved Avdeling for kulturfag

Ingeborg Skogen, førsteamanuensis ved Avdeling for kulturfag

Elisabeth Welle, studieleiar for barnehagelærarutdanningane

Janne Heggvoll, førstelektor ved Avdeling for kulturfag

Hildegunn Hovde, høgskulelektor ved Avdeling for kulturfag