Redaktøren i Møre-Nytt har i leiaren 19. april 2024 sterke meiningar om leiingsmodellen på Høgskulen i Volda: Tilsett eller vald rektor.

Redaktøren må gjerne meine at ordninga med tilsett rektor er betre for Høgskulen i Volda, men han skuldar vel også lesarane å gjere merksam på at det framleis er mange høgskular og universitet som har vald rektor. Blant andre Høgskulen i Molde, Universitetet i Oslo og Universitetet i Bergen.

Sjølv har eg 8 års erfaring som vald rektor på høgskulen og har også røysta for denne ordninga i styret - to gonger - fordi eg meiner demokrati og sjølvstende blir teke best i vare med denne ordninga. Eg trur fleirtalet av dei fagleg tilsette ønsker at rektor skal bli vald av tilsette og studentar på høgskulen også i framtida.

Redaktøren støttar alternativet der styret tilset ein "allmektig" rektor som då også vil få overført direktørens oppgåver. Ved ei slik ordning skal styreleiaren vere ein av styremedlemmene som Kunnskapsdepartementet peikar ut. Det vil kanskje også føre til ein meir lydig høgskule, til dømes i spørsmål som gjeld framtidig sjølvstende. Å fjernstyre Høgskulen i Volda frå Trondheim eller Bergen vil neppe vere bra for høgskulen eller regionen.

Av Johann Roppen, rektor på Høgskulen i Volda (2015-2023)