Flott at vi er samde om ytringsfridomen.

Samfunnsinteressene

Inlegget vart laga etter mange oppfordringar frå folk i bygda. Vi innser at vi har stilt oss for hogg. Men det må vi tole. Samfunnsinteressene er blant anna alle som ynskjer seg eit betre og tryggare vegnett i bygda, ei einebustad tomt, og skattebetalarane i Ørsta som i famtida må ta rekninga på alt arbeidet som er lagt ned i årelange førebuingar og planarbeid viss ikkje B10 vert noko av.

Brevet frå landbruks-og matministeren

Tak gjerne med alt som stod i brevet: «Samtidig som det skal være tilpasset regionale og lokale forhold, slik at alle kommuner har mulighet til å utvikle små og store lokalsamfunn». Dette kommentert av Bondelaget tidlegare. (Møre-Nytt 10.01-23)

Årsverk

Forstår deg slik at du meiner her er feilinformasjon, men at du ynskjer å få fram det som er sant. Vi manglar naturlegvis den faglege innsikta, som du seier, men vi held oss likevel til sanninga. For det fyrste er der 3 bruk som driv med sau på Indre Mo ikkje 4 slik du hevdar. Sauetalet er derfor heller ikkje 240, men etter det som er innmeldt til lanbrukskontoret 127 inkl. vinterfora slaktedyr.

Du har rett i at tal dyr pr årsverk vart fasa ut i 1991, men likevel støttar du deg på det når du påstår at der er 2,6 årsverk på Indre Mo. Med dei 127 sauene og nokre hestar vert talet 1,59 (1991 årsverk.) Det har vore stor utvikling og effektivisering på desse 32 åra. Så det at vi seier ca 0,5 årsverk i 2023 er vel ikkje så urimeleg.

Elles ser vi at du fortsatt hevdar at området er på 200 da. Arealoversikta til kommunen viser 123,6 dekar for B10 1 og 2 samla.

Så spørsmålet tilbake her blir: «Kvifor argumentere i det vide og det breide med tvilsame talgrunnlag …..?»

Dei to spørsmåla

1. Vi peika kun på kva dyrka areal som vert omdisponert på dei 3 bruka. Det seier noko om i kva omfang utbyggiga råkar den enkelte.

2. Nei det er ikkje slik at vi kun ønsker eigedomane våre innløyste. Men forstår at bustadfeltet B10 er ein lekk i ei omfattande og langsiktig regulering av tettstaden Ørsta. Og at det vil ta tiår å ha andre alternativ på plass. På Fremre Mo ligg naudsynt infrastruktur klar i formålsgrensa. Det gjer det ikkje andre stadar. Administrasjonen har sjekka alternative områder men når kommunedelplanen vart laga vart desse forkasta pga mangel nettopp på ovannemde og dårlege solforhold. Noko som er ein forventa kvalitet og viktig faktor i energirekenskapen til ein ny bustad.

Helge Moe, Tore Mo Solbakken, Jorid Sevaldsen, Jan Sindre Brautaset, Sølvi Karin Moe