Bondelaget er samd med Helge Moe i at sanninga må stå i høgsetet når ein uttalar seg i ei sak. Like viktig er det å behandle og omtale meiningsmotstandarar med respekt og prøve å unngå mobbing, trakassering, latterleggjering, samt å unngå å tillegge meiningsmotstandarar eigenskapar og haldningar dei ikkje har gjeve uttrykk for.

Er det rett forstått at Bondelaget, landbruksorganisasjonar og dei 4 (snart 5) aktive dyrehaldarane på Mo er særinteressene i lesarinnlegget, medan dei fem grunneigarane som vil selje dyrkamarka si til bustadfelt representerer samfunnsinteressene? Har ikkje samfunnet vårt og verda endra seg siste par åra til å nettopp sette matproduksjon, beredskap, klima og bærekraft merkbart sterkare på dagsordenen?

Sandra Borch

Vi nemner brevet i 2022 til alle kommuner i Noreg frå Landbruks og matminister Sandra Borch, med skjerpa krav til jordvern og krav om å gå igjennom planer for å sikre bevaring av dyrka og dyrkbar jord. At Ørsta Kommune fikk tilskudd for å utarbeide Jordvernstrategi. Og at Regjeringa har varsla at det vil kome nye skjerpa krav til Jordvern før sommaren.

Alle fire aktive bruka på Mo i dag har teigar innanfor B10 Fremre Mo, og sauetalet er ca 240 sau pr 1. mars. Påstanden om at sauebøndene på Mo har eit sauetal tilsvarande 0,5 årsverk syner tydeleg den manglande faglege innsikta i lesarinnlegget. Tal dyr pr årsverk vart nemleg fasa ut i 1991, iflg. landbrukskontoret.

Om ein likevel skulle bruke oppdaterte tal så vil sauebøndene som blir berørte av utbygginga på Fremre Mo representere ca 2,6 årsverk (ikkje 0,5 årsverk). Dette gir og ringverknader i andre verksemder i kommunen.

Vil Bondelaget og sauebøndene på Mo stoppe utviklinga i Ørsta sentrum?

På ingen måte. Bondelaget har hatt fleire møte med planavdeling, kommuneadministrasjon og politikarar og der lagt fram og diskutert fleire gode alternative forslag til attraktive tomter for einebustader og fleirmannsbustader innan kommunen.

I Norge har vi heldigvis ytringsfridom, og kven som helst kan ha meiningar om landbruk, kommunal planlegging og sentrumsutvikling utan å ha fagkompetanse på nokon av desse områda. Dersom ein setter fram påstander så meiner vi at ein bør sette seg godt inn i sakene før ein uttaler seg. Vi nevner at området B10 Fremre Mo er på vel 200 dekar.

Det store spørsmålet

Bondelaget står igjen med spørsmålet til slutt til Helge Moe, m/fl:

Kvifor argumentere i det vide og breie med tvilsame talgrunnlag og manglande fagleg dokumentasjon for nedbygging av dyrka og dyrkbar mark?

Kan det være slik at dei som står bak lesarinnlegget kun ønsker at sine områder blir innøyst av kommunen snarast råd?

Lars Olav Vanberg, leiar Ørsta Bondelag.