I Møre Nytt 23.06.2023 blir fotballgruppa nærast skulda for å ikkje tenkje på trafikktryggleik for born og ungdom i området rundt pump-track bana og aktivitetsparken.

Dette er direkte feil. Me òg har born som leikar i området, så sjølvsagt er me opptekne av trafikktryggleik både i dette området og elles i trafikken.

Me meiner i motsetning til Per Ivar Lied at det går fint å ivareta både tryggleiken og tilgjenget vårt til anlegget. Me har gjentekne gonger kome med forslag til moglege løysingar på korleis tilkomsten via Ripateigane kunne ha blitt sikra på ein måte som ivaretek alle. Me har i tillegg fremja forslag om veg til anlegget vårt via Holmegata; då med parkering mellom Kiwihallen og Ørsta stadion i tillegg til bru over Rossåa for framtidig kunstgrasbane. Me oppmodar også medlemmene våre om å vise aktsemd når dei køyrer til å frå anlegget.

Me er svært glade for at Ørsta kommune gav oss dispensasjon til å kunne byggje tribune ved Aurstad arena, men så lenge tilkomsten er uavklart, må me vente med byggjestart. Kven kan investere millionar når ein praktisk talt risikerer å bli stengd ute? Om me ikkje snart får sikra veg til anlegget vårt, vil det vere naturleg å ta opp igjen debatten om kunstgras på Ørsta stadion for å flytte aktiviteten vår opp mot parkeringsarealet ved Ørstahallen. Det er viktig å presisere at me håper me slepp å kome i denne situasjonen. Me har hatt og ynskjer framleis å ha godt samarbeid med friidrett.

Klubbhus? I dag framstår me som ein klubb med spelarar som speler i same drakt, og ikkje stort meir. Eit klubbhus eller lokale er sjølve hjartet i alle fotballklubbar. Det er særs vanskeleg å byggje klubbkultur slik me har det i dag. Me har lag som ikkje trenar på anlegget vårt, men i Hovdebygda og Åmdalen på grunn av mangel på banekapasitet. Me forflyttar spelarar kvar veke til Hovdebygda for å trene tilsvarande distansen Ørsta-Bodø T/R. Skal verkelig det neste bli utestenging frå anlegget vårt i form av ein bom?

Me håper og trur at me har lokalpolitikarar som ser kor viktig Ørsta fotball med sine over 500 aktive er for lokalsamfunnet. Det er no på høg tid at me får ei politisk avklaring på vegtilkomsten til anlegget, slik at me kan videreutvikle klubben før også dei siste av eldsjelene gir opp.