Eg blir sint, skuffa og fortvila når eg les i Møre-Nytt at COOP vrakar dei verkeleg spennande planane dei har hatt for utviklinga av COOP-området i Volda sentrum. Dei skriv at COOP har gått lei å kjempe mot grunneigar/huseigar for å realisere eit prosjekt til fleire millionar kroner. Det er vanskeleg å realisere viktige prosjekt når det gjeld å utvikle Volda sentrum på grunn av kompliserte grunneigarforhold og manglande evne/vilje til å finne gode løysingar til det beste for alle oss som bur i Volda.

Som lokalpolitikar gjennom mange år veit eg at alle vanskelege saker har minst to sider. Eg utfordrar med dette hus/grunneigarane i Volda sentrum til å kome på bana og presentere kva dei har gjort for å stimulere til vekst og utvikling i Volda sentrum dei siste 10 åra.

Kanskje kan eit seminar som set lys på dei ulike aspekta ved denne problemstillinga vere ein god ide. Om det er det, er Volda SV klar for å ta ansvaret for å arrangere eit slikt seminar.