I staden vil Coop Vest pusse opp Mega-butikken.

– Vi trur ikkje lenger på prosjektet i Volda, og har lagt det til side og vil bruke kapitalen vår på noko anna. Vi har hatt ein gjennomgang av fleire prosjekt vi har jobba med og har sortert ut nokre og prioritert andre. Utbygging i Volda er noko vi ikkje lenger prioriterer, fortel Svein William Nilsen, dagleg leiar i Coop Vest Eigedom, til Møre-Nytt.

Kombinasjonsbygg

Coop Vest Eigedom AS har i lengre tid jobba for ei stor utbygging i Volda sentrum til fleire hundre millionar kroner. Coop såg føre seg bygging av eit kombinasjonsbygg med næring og leilegheiter. I samband med planane har Coop drive forhandlingar med eigaren av det gamle slakteribygget ved Mega om kjøp av denne eigedomen, utan at det er kome til semje om kjøp. Avstanden var for stor mellom partane.

Det har vore nødvendig for Coop Vest å sikre seg denne tomta for å få realisert utbyggingsplanane.

Saka har vorte så låst at kommunestyret i Volda før jul gjorde samrøystes vedtak om å setje i gang reguleringsarbeid med sikte mot oreigning på Øyralandet dersom partane ikkje kom til semje i første halvår 2018.

– Oreigning kan ta lang tid, og vi kan ikkje vente kanskje eit par-tre år på å få setje i gang. Situasjonen er lei, Volda som kommune hadde fortent eit godt prosjekt ved hamna, det kunne ha løfta heile sentrum. Men når vi ikkje får det til, må vi innsjå det, seier Nilsen.

Når no Coop skrinlegg storsatsinga, satsar dei i staden på ei totalrenovering av eksisterande Mega-butikk som gjer det godt, og som hadde ei omsetning i fjor på 47 millionar, ein auke på fire prosent.

Bidragsytar

– No flyttar vi fokus fullt og heilt på å skape ein endå betre Mega-butikk til innbyggjarane i Volda. Denne butikken er nedsliten, og vi kan ikkje vente lenger på ei opprusting. Og så snart alle brikker er på plass, startar vi renoveringsarbeidet med sikte på ein tidsrett butikk for framtida, fortel Geir Espe, adm.dir. i Coop Vest.

Coop Vest rosar Volda kommune for det dei har gjort i arbeidet for ei utbygging av Øyralandet.

– Kommunen har vore velvillig og imøtekomande, og har gitt oss det handlingsrom vi har hatt behov for, seier Svein William Nilsen, dagleg leiar i Coop Vest Eigedom.

Satsar

Volda er ein av tre stader der Coop Vest satsar på Mega-konseptet.

– Liknande satsing på Mega har vi også i Førde og i Ulsteinvik der det er grunnlag for gode supermarknadar med ferskvare. Det er stort potensial for Mega-butikken i Volda, vurderer Geir Espe.

Utvikling: – Vi startar renovering av Mega-butikken så snart det let seg gjere, fortel adm.dir. Geir Espe i Coop Vest. Foto: Roy-Arne Folkestad