Som deltakarar i ordskiftet med lesarinnlegget “Rause Rune og den rystande røyndommen om Helseplattformen i kommunene” (Møre-Nytt 09.02.24, heretter forkorta “Rause Rune”...), reagerer vi sterkt på at vårt innspel er mellom dei som blir trekt offentleg i tvil med karakteristikken “udokumenterte påstandar”. Vi vil gjerne understreke og presisere at absolutt alt av faktautsagn og opplysningar vi kom med i teksten vår, var henta frå offentlege dokument, medieomtale av offentlege dokument eller offentlege møte, eller publiserte intervju med sentrale aktørar.

Tilrådd lesing frå Stjørdal

Fullstendig referanseliste for “Rause Rune…”  følgjer nederst i denne teksten. Vi ønskjer å framheve eitt veldig godt offentleg dokument. Det er kommunedirektør Tor Jakob Reitan i Stjørdal sitt notat “Kommunedirektørens faglige vurdering for å anbefale anskaffelse av EPJ fremfor å tiltre Helseplattformen 03.11.2023”.

Vi er svært klar over at kommunestyremedlemmar sjeldan vantar lesestoff. Likevel rår vi heilhjerta våre folkevalte både i Volda og i øvrige Sjusterne-kommuner å lese dette notatet, og legge innhaldet både på hjertet og minnet. Om nokon ønskjer det tilsendt, må dei gjerne ta kontakt.

Ulike standardar

Det er interessant at kommunedirektør Sjurgard i brevet sitt legg slik vekt på samtalar med uidentifiserte representantar frå kommuner som har innført Helseplattformen, på ein KLP-kongress i Trondheim. Desse samtalane er jo ikkje dokumentert i offentlege dokument. Dette er akkurat det same han så kraftfullt beklagar seg over at andre ikkje kan legge fram! Tydelegvis har kommunedirektøren andre standardar for seg sjølv, enn for dei som kjem med kritiske innspel.

Brukarkommuner kan ha sterke økonomiske motiv

Vidare er det viktig å huske på at kommuner som alt har tatt Helseplattformen i bruk, kan ha sterke økonomiske motiv for å få nye kommuner inn i systemet.

Brukarkommunene vert nemleg også tvungne eigarar i driftsselskapet Helseplattformen AS. (Dette temaet kan ein lese om m.a. kommunedirektør Reitans notat, samt tidlegare generalsekretær i IKT Norge Per Morten Hoff sin kronikk i Kommunal Rapport “Helseplattformen - den nye Terra-skandalen?” 17.11.23).

Helseplattformen AS har elendige økonomiske resultat. (Årsreknskapen for Helseplattformen AS i 2023 er ikkje klar, men reknskapen for 2022 finn ein på helseplattformen.no). Tapa må dekkast av eigarane. Det einaste kommuner som alt er eigarar kan gjere for å redusere sine eigne tap, er å få nye kommuner inn som kan ta sin del av tapa.

Trondheim kommune skal tene pengar på Helseplattformen

Trondheim kommune har av tre årsaker særleg interesse av at Helseplattformen held seg økonomisk flytande ved å rekruttere nye kommuner. For det første har kommunen lånt ut 282 millionar kroner til driftsselskapet. (Årsreknskap for Helseplattformen AS 2022, note 12). Trondheim kommune eig også 24,7 % av aksjane i Helseplattformen AS (Årsreknskap for Helseplattformen AS 2022, note 12)

For det tredje har Trondheim kommune fått utarbeidd rapportar som viser at kommunen forventer at investeringane den har gjort i Helseplattformen skal verte lønnsame til slutt. (Guttormsdottir: Gjennomgang og kvalitetssikring av gevinstberegningene i Helseplattformen. Utarbeidet for Trondheim kommune. Holte Consulting, januar 2022.)

Vi oppmoder den einskilde lesar om å gjere opp si eiga meining om kor viktige dei trur økonomiske motiv er for representantane frå Trondheim, Fosen og Åfjord si rosande omtale av Helseplattformen.

Litt meir enn “feil ved systemet” på St Olavs

“Ved St. Olavs har det oppstått feil ved systemet. Ein del er retta, medan andre feil vert det arbeidd med”, skriv Sjurgard i sitt brev. Dette er litt som å seie at ekstremværet “Hans” var ein smått ugunstig regnskur, men at det meste har tørka opp no. (Vårt utsagn. Ein finn fyldig omtale av ekstremværet “Hans” m.a. i eigen Wikipedia-artikkel.)

Ei fullstendig liste over alt som har gått gale på St Olavs fell alt for langt å rekne opp her. Vi kan nevne at sjukehuset på grunn av Helseplattformen snudde frå overskot til 220 millionar i underskot i 2022 (årsreknskap St Olavs hospital HF 2022), og ligg an til eit minusresultat på 400 millionar i 2023 (styresak 69-23 for styret til St Olavs hospital HF). Den økonomiske situasjonen ved foretaket er så ille at det i fjor haust låg an til å gå tom for likvide middel inneverande år. I klartekst: kassa på St Olavs held på å gå tom. (Styresak 60-23, St Olavs hospital oktober 2023, sjå også: “– Situasjonen er så alvorlig at det er behov for tilførsel av ekstra midler i tillegg til kraftige kutt i drift og investeringer”, Dagens Medisin, 23.10.23).

Eit trugsmål mot pasienttryggleiken

Vidare har Arbeidstilsynet nyleg rapportert massive vanskar med arbeidsmiljøet og brot på arbeidsmiljølova ved åtte klinikkar på sjukehuset, mykje utløyst av Helseplattformen (rapportane er publisert 11.03.24 på St Olavs hospital sin nettstad på samlesida “Tilsynsrapporter fra Arbeidstilsynet”).

Dei vesentlege trugsmåla mot pasienttryggleiken er dokumentert m.a. i rapport frå Helsetilsynet (datert 18.03.24 med referanse 2023/1194-21, 3A TBL), samt rapport om uforsvarlig strålebruk pga Helseplattformen frå Direktoratet for Strålevern og beredskap (datert 10.01.24 med referanse 23/04876).

Vi viser til Datatilsynet og Riksrevisjonen sine nettsider for dokumentasjon av deira pågåande arbeid på St Olavs.

Både legar og innbyggarar

Vi er ikkje berre legar ved lokale sjukehus, med eit profesjonelt ønskje om gode kommunale helsetenester å samarbeide med. Vi er også innbyggarar i Volda kommune, og har stor interesse av å bu i ein kommune med gode tenester og økonomi til å gje gode tilbod. Denne interessa deler vi med alle innbyggarar i Volda kommune. Vi meiner difor at våre stemmer har ein plass i det offentlege ordskiftet om Helseplattformen.

Vårt klare syn er at Volda kommune absolutt ikkje bør innføre Helseplattformen. Systemet er dårleg, og den økonomiske risikoen enorm. Dette synet kan vi dokumentere og underbygge ned til minste detalj.

Vi er svært spente på om kommunedirektør Rune Sjurgard kan gjere det same for det synet han landar på, når han til sist skal presentere si innstilling til dei folkevalde.

Eivind Vinjevoll, hovedtillitsvalt Overlegeforeningen Volda sjukehus

Velle Kristian Espeland, overlege Volda sjukehus

Erik Ostnes, overlege Volda sjukehus

Jan Egil Romestrand, overlege Ålesund sjukehus og Volda sjukehus

Erling Tjelta Westlye, overlege Volda sjukehus

Fullstendig kjeldeliste - “Rause Rune og den rystande røyndommen om Helseplattformen”

Av praktiske årsaker gjengir vi ikkje heile innlegget her (sjå lenke lenger opp). Vi trur likevel at lesarar vil klare å finne att referansane våre slik dei er sett opp. Ein del av tekstane ligg bak betalingsmur. Alle feil er våre eigne. Vi er takksame for kritiske innspel.

1) Kommunestyrerepresentanten Janne Kathrine Jørstad (FrP) stemte for, “det tok nokre månader, og så forsto eg at det var det dummaste eg har gjort” - “Har snudd helt om Helseplattformen etter 3 måneder”, adressa.no, 12.05.23.

2) Kommunelegen i Levanger tilrår kommunen å utrede å kome seg ut att av systemet - "Helseplattformen – Innspill fra medisinsk-faglig rådgiver (kommuneoverlege) i Levanger kommune 251023“, brev frå kommunelege Tommy Aune Rehn  til ordførar og varaordførar i Levanger, datert 25.10.23, tilgang via “ Mener kommunen må utrede å droppe Helseplattformen”, innherred.no 08.12.23.

3) Ordfører i Verdal frykta heile systemet ville rakne - “Advarer etter Helseplattformen-trøbbel i kommuner: – Kan rakne”, intervju med ordførar Pål Sverre Fikse (Sp) i Verdal, adressa.no 07.03.23.

4) “I Trondheim varsla sjukeheimssjefane i fjor haust om ingen synleg gevinst etter halvanna år” - “Kommunale ledere i Trondheim slår alarm: – Vi jobber ikke med Helseplattformen. Vi jobber på tross av den”, Adressa.no 12.10.23.

5) Tilsette blir utbrente, går gråtande heim frå jobb, blir sjukmeldt eller førtidspensjonert - Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “Har snudd helt…”, adressa.no 12.05.23, spørreundersøking frå Legeforeningen september 2023 omtalt m.a. i “Ny undersøkelse om Helseplattformen: Legene frykter å gjøre alvorlige feil”, nrk.no 27.09.23, “Sjokktall fra St. Olav om Helseplattformen: Ni av ti leger mener pasientsikkerheten er truet”, adressa.no 27.09.23.

6) Systemet er ekstremt tungrodd, upåliteleg, og stappfullt av feil. - Rapport frå Statsforvalteren etter tilsyn med innføring av Helseplattformen i Verdal kommune 21.11.23, “Henvisninger i Helseplattformen har ikke blitt fanget opp”, pressemelding frå Trondheim kommune 06.12.23, “Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “240 pasienter rammet av ny feil i Helseplattformen”, på Klæbuposten (klebuposten.no) 28.09.23.

7) Somme tilsette fortel at oppgåvene tek dobbelt eller fire gangar så lang tid som før - “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23.

8) Helseplattformen krev at data vert logga fortløpande i den handheldte Rover-telefonen, så personalet stirar på telefonen i staden for å snakke med pasientane. - “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23.

9) Medisinlister som blir sletta eller endra til det ugjenkjennelege er daglegdags - “Minst 182 pasienter berørt av ny feil i Helseplattformen: - Kan få alvorlige følger”, adressa.no 01.12.23,   “Helseplattformen forvirret lege - ble usikker på om medisin var seponert”, Dagens Medisin 31.03.23, “Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23, “Helsetilsynet ber om redegjørelse om innføringen av Helseplattformen”, Dagens Medisin 13.01.23.

10) Den uoversiktlege oppbygginga gjer det uråd å finne nødvendig informasjon. -  Rapport frå Statsforvalteren etter tilsyn med innføring av Helseplattformen i Verdal kommune 21.11.23, “Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23.

11) Tilsette må ringe og dobbeltsjekke at brev og henvisningar ikkje forsvinn. -  “Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23.

12) Somme sjukeheimar opplever at Helseplattformen regelmessig gjenoppliver journalane til for lengst avdøde pasientar - “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23.

13) Brukarstøtte og feilretting kan kommunene berre gløyme, alt går med til dei enorme problema på St Olavs hospital. - “Fortsatt en vei å gå med Helseplattformen”, pressemelding Trondheim kommune 23.10.23, Holgreid og Lørup: “Ekstern evaluering av Helseplattformen”, rapport frå Boston Consulting Group, august 2023, “Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “Har snudd helt om…”, adressa.no, 12.05.23, Helsetilsynet: Rapport fra tilsyn ved St. Olavs hospital etter innføring av Helseplattformen (2023/1194-21, 3A TBL), “Advarer etter Helseplattformen-trøbbel i kommuner: – Kan rakne”, intervju med ordførar Pål Sverre Fikse (Sp) i Verdal, adressa.no 07.03.23.

14) Einingsleiarar fortel at ekstraarbeidet medfører storforbruk av innleigd hjelp. - “Kommunale ledere slår alarm…”, Adressa.no 12.10.23, “Kraftig økning i innleie av helse-vikarer i Trondheim”, mn24.no, 16.08.23.

15) Både Ålesund kommune og Trondheim kommune gjekk på store økonomiske smellar året etter at dei innførte Helseplattformen.  Kjelder Ålesund: “Eventuelt - spørsmål - orienteringar”, referat frå møte i Ålesund formannskap 03.10.23, dokumentnummer 23/11896, sjå også, “Helseplattformen har kosta Ålesund 28 mill. mer enn man trodde”, Sunnmørsposten (smp.no) 20.11.23, “Ansettelsesstopp og underskudd i Ålesund kommune”, smp.no 03.10.23. Kjelder Trondheim: Kommunedirektørens forslag til handlings- og økonomiplan 2024-2027 – Budsjett 2024, tilgang via relevant pressemelding på www.trondheim.kommune.no/aktuelt/nyheter.

16) Brukarane blir stadig meir misnøgde - dette avsnittet bygger i sin heilskap på brukarundersøkinga hjå tilsette i Trondheim kommune, saksnummer PS 0038/24 i Trondheim kommune, omtalt m.a. i “Nedslående rapport fra Trondheim om Helseplattformen: - Det første året mer krevende enn forutsatt”,  adressa.no 07.02.24, og “Helseplattformen: Ansatte lagrer sensitive pasientopplysninger på post-it-lapper”,  nrk.no 07.02.24.

17) Kommunedirektør i Tor Jakob Reitan i Stjørdal vart så rysta over det han fann ut, at han tilrådde politikarane å forlate alternativet Helseplattformen for godt -  “ Kommunedirektørens faglige vurdering for å anbefale anskaffelse av EPJ fremfor å tiltre Helseplattformen 03.11.2023”, saksnummer 2003/10004 i Stjørdal kommune. (Tilrådd lesnad! Vår kommentar.)

18) Steinkjer og 20 kommuner er så misnøgde at dei vrakar Helseplattformen - møteprotokoll Steinkjer formannskap datert 25.01.24, omtalt m.a. i “Nyhetssenter Trøndelag - Vil vrake Helseplattformen” på nrk.no 25.01.24, “Legger opp til å skrote Helseplattformen i Steinkjer: – Det er sterke grunner til å vurdere andre alternativ“, innherred.no 25.01.24 og “Steinkjer vil vrake Helseplattformen“, Sykepleien.no 26.01.24.

19) I Levanger kosta innføringa mellom femti og seksti millionar kronar, etter budsjettsprekkar. - kommunestyresak Levanger kommune, “Status innføring Helseplattformen - oppdatering pr. oktober 2023”, møtetdato 13.12.23, sak nummer PS 95/2023, sjå også “Helseplattformen kostet de to kommunene 73 millioner i fjor: – Det er veldig mye penger”, Trønder-avisa (t-a.no) 24.01.24.

20) Liknande kostnader var berekna i Stjørdal. - “ Kommunedirektørens faglige vurdering for å anbefale anskaffelse av EPJ fremfor å tiltre Helseplattformen 03.11.2023”, saksnummer 2003/10004 i Stjørdal kommune.

21) Enorm økonomisk risiko - dette avsnittet er i sin heilskap bygd på årsreknskapen for Helseplattformen AS for 2022, som ligg på Helseplattformen.no. Økonomisk interesserte lesarar blir oppmoda om å studere balansen (side 3 og 4), resultatet (side 2), note 5 om nedskriving av immatrielle eignalutar (side 10) og note 10 om egenkapital og eigarstruktur (side 12).