Kommunedirektør Rune Sjurgard i Volda syner stort talent for raus og frisinna omskriving av røyndommen i si omtale av Helseplattforma i kommunestyret sjette februar, gjengitt i Møre-Nytt. Helseplattforma fungerer slettes ikkje godt i kommunene. Den fører også med seg enorme utgifter og ubegrensa økonomisk risiko.

Hausten 2022 vedtok kommunestyret i Levanger å innføre Helseplattforma. Kommunestyrerepresentanten Janne Kathrine Jørstad (FrP) jobbar på Levanger bo – og aktivitetssenter. Ho stemte for.

– Det tok nokre månader, og så forsto eg at det var det dummaste eg har gjort, uttalte ho i mai 2023 til Adresseavisen.

I Levanger er no tilstandane så ille at kommunelegen formelt tilrår kommunen å utrede å kome seg ut att av systemet. I Verdal advarte ordføraren om så dårleg oppfølging at han frykta heile systemet ville rakne. I Trondheim varsla sjukeheimssjefane i fjor haust om ingen synleg gevinst etter halvanna år. Personalet jobba på tross av Helseplattforma, heller enn med den, fortalte dei. Frå brukarkommuner i Trøndelag kjem det rapportar om tilsette som blir utbrende eller går gråtande heim frå jobb. Dyrebart helsepersonell endar opp sjukmeldt eller førtidspensjonert.

Massive problem i kommunene

Helseplattforma har same problema i kommunene som i sjukehusa. Systemet er ekstremt tungrodd, upåliteleg, og stappfullt av feil. Somme tilsette fortel at oppgåvene tek dobbelt eller fire gangar så lang tid som før. Helseplattforma krev at data vert logga fortløpande i den handheldte Rover-telefonen, så personalet stirar på telefonen i staden for å snakke med pasientane. Medisinlister som blir sletta eller endra til det ugjenkjennelege er daglegdags. Den uoversiktlege oppbygginga gjer det uråd å finne nødvendig informasjon. Tilsette må ringe og dobbeltsjekke at brev og henvisningar ikkje forsvinn. Somme sjukeheimar opplever at Helseplattforma regelmessig gjenoppliver journalane til for lengst avdøde pasientar. Desse og mange fleire problem er vel dokumenterte i media, av tillitsvalgte og i offentlege dokument.

Brukarstøtte og feilretting kan kommunene berre gløyme, alt går med til dei enorme problema på St Olavs hospital. Einingsleiarar fortel at ekstraarbeidet medfører storforbruk av innleigd hjelp. Både Ålesund kommune og Trondheim kommune gjekk på store økonomiske smellar året etter at dei innførte Helseplattforma.

Brukarane blir stadig meir misnøgde

Same dag som kommunedirektør Sjurgard sang Helseplattformas pris, publiserte Trondheim kommune data frå brukarundersøkinga si. Det var nedslåande lesing for Helseplattforma-fans.

Over 60 % av brukarane synes systemet er uoversiktleg. Over 40% meiner det ikkje er effektivt å dokumentere, omtrent same andelen som kjenner seg utrygg på handteringa av henvisningar. Og 38% opplever systemet som upåliteleg i noko grad.

Aller mest deprimerande for vennar av Helseplattforma er at desse tala har gått vesentleg opp frå undersøkinga i 2021. Jo lenger tilsette jobbar med Helseplattforma, jo kraftigare mislikar og mistrur dei systemet.

Kva veit Rune som dei andre ikkje veit?

La oss samanlikne Rune Sjurgards lovtale om Helseplattforma med meiningane til ein kollega, kommunedirektør i Tor Jakob Reitan i Stjørdal. Han vart så rysta over det han fann ut, at han tilrådde politikarane å forlate alternativet Helseplattforma for godt. Han lista opp problem med brukarvennlegheit, kostnader, selskapsstruktur, teknologi, og djupt skeptiske fastlegar.

Den kritiske lesar tenkjer kanskje at Reitan i Stjørdal sikkert er ein einsleg særing. Men det er han ikkje. Ei anna trønderkommune, Steinkjer, har no gått i spissen for ei gruppering på 20 kommuner som er så misnøgde at dei vrakar Helseplattforma og finn si eiga løysing.

Det er fristande å spørje: kva veit Rune Sjurgard i Volda om Helseplattforma som 21 kommunedirektørar i Trøndelag ikkje veit?

Enorm økonomisk risiko

I Levanger kosta innføringa mellom femti og seksti millionar kronar, etter budsjettsprekkar. Liknande kostnader var berekna i Stjørdal.

Men den verkelege økonomiske bomba ligg i tvangseigarskapet kommunene blir pålagt. Kommuner som går inn i Helseplattformen, er tvungne til å kjøpe seg inn i leverandørselskapet Helseplattformen AS. Dette selskapet har innpå 300 millionar i negativ egenkapital og gjekk sytti millionar kroner i underskot i 2022. Berre det at Helseplattformen AS på eiga hand verdset sjølve innføringa av systemet til to og ein halv milliard, bergar selskapet unna dundrande konkurs.

Sidan kommunene er både eigar og brukar, er den økonomiske risikoen i prinsippet ubegrensa. Havarerer den skjøre og oppblåste konstruksjonen Helseplattformen AS, havnar million- og milliard-rekningane hos kommunene. Mange grendeskular kan måtte ofrast på Helseplattforma sitt alter.

Politikartrøyst

Men her er det også ei trøyst for det vyrde kommunestyret i Volda. Formannskapet har nemleg bedt administrasjonen om ei vurdering av kostnader og konsekvensar ved å ikkje tre inn i Helseplattforma.

Det blir spanande om den gode kommunedirektøren ved framlegginga gjer greie for den ubegrensa økonomiske risikoen med å ta i bruk Helseplattforma. Let han det vere, er det vel gode grunnar for at kommunestyret bør ta det Rune Sjurgard seier om Helseplattforma med ei klype salt. For ikkje å seie ein fem-seks saltgruver.

Signert:

Eivind Hustad Vinjevoll, overlege og HTV Overlegeforeningen, Volda sjukehus Velle Kristian Espeland, overlege, Volda sjukehus Erik Ostnes, overlege, Volda sjukehus Jan Egil Romestrand, overlege, Ålesund sjukehus og Volda sjukehus Erling Tjelta Westlye, overlege, Volda sjukehus