Norsk Radiografforbund HMR HF ser med bekymring på den vidare vegen ved sjukehusa i Møre og Romsdal.

Styret i HMR vedtok (styremøte 07.12.23) å utsette ei vidare utrulling av Helseplattformen ved dei fire sjukehusa i Møre og Romsdal. Dette var grunngjeve med pasientsikkerheit og forsvarlig drift. Ei grundig og godt gjennomarbeida Ros-analyse låg blant anna til grunn.

Vi er skeptiske til at leiinga i Helse Midt Norge (styremøte 13.12.23) velger å overkøyre vårt lokale styre, og med dette trumfer gjennom ei vidare utrulling av Helseplattformen ved våre sjukehus. Innføring av HP vil utfordre kapasiteten HMR HF har til å planleggje, utføre og beskrive røntgenundersøkjingar. Ventetider vil auke og fleire pakkeforløp får fristbrot.

Erfaringar frå St. Olavs Hospital det siste året tilseier at det vil ta lang tid å kome tilbake i normal drift, med same ressursbruk. St. Olavs Hospital er enda ikkje på planlagt driftsnivå, over eitt år etter innføring. Styret i Helse Midt Norge velger med denne avgjerdsla å setje pasientsikkerheit og forsvarligheit til side.

Norsk Radiografforbund HMR HF, gjev vår fulle støtte til Helse Møre og Romsdal sitt styrevedtak om å utsetje innføringa av Helseplattformen.

Hovedtillitsvalgte Norsk Radiografforbund

Helse Møre og Romsdal HF

Arild Sunde, Volda sjukehus

Merete Fiksdal, Ålesund sjukehus

Marianne Jansen, Molde sjukehus

Astrid Bjerkestrand Svensli, Kristiansund sjukehus