Fagforbundet Helse Sunnmøre har ikkje lenger tillit til leiinga og styret i Helse Midt-Noreg RHF.

Prosessen til innføringa av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal HF:

Vi vil grunngje vår mistillit på fylgjande måte: Vedtaket i Helse Møre og Romsdal var basert på omfattande risiko – og sårbarheitsvurderingar der ein vekta pasienttryggleiken og forsvarleg drift. Dette vart avgjerande for at ein ikkje kunne fylgje den oppsette plan for innføring av Helseplattforma i Helse Møre og Romsdal HF i april 2024.

Å trosse denne åtvaringa slik som leiinga i Helse Midt-Norge RHF har gjort, er mildt sagt overraskande, og framstår som risikosport der pasientsikkerhet blir lagd i potten. Det er dei tilsette som står nærmast pasienten som står ansvarleg for alle hendingane som skjer med pasienten. Å innføre eit system som set pasientsikkerheit i spel er fullstendig uansvarlig og ei absurd handling etter vår meining. Å vekte økonomi framfor pasienttryggleik er etter vår oppfatning straffbart, om ein ser dette i forhold til Helseforetakslova og Helsepersonellslova, og bør fylgjast opp av Statsforvaltaren og Stortinget, om ikkje helseministeren grip inn. Vi har ikkje råd til fleire unødvendige dødsfall i vår helseregion som skyldast Helseplattforma.

Vi føler at prosessen i Helse Midt-Norge RHF er en hån både mot dei tilsette og leiinga vår. Derfor meiner vi at både administrerande direktør Stig Slørdal og dei eigar oppnemnte styrerepresentanten må ta sin hatt og gå.

Styret i Helse Møre og Romsdal sitt vedtak var forankra i ein grundig prosess og ei vurdering som var samstemt av leiinga på alle nivå, samt både tillitsvalte i fagorganisasjonen og venetenesta.

Å sette en slik vurdering til side fordrar sterkare argumenter enn det som kom fram i styrebehandlinga i Helse Midt-Norge RHF.

Leiar Linda Hatlestad, Fagforbundet Helse Sunnmøre