I møte 23. mai gjekk eit samrøystes samfunnsutval (SFU) inn for å gi dispensasjon frå arealplan for å byggje opp att ei den såkalle “heimevernshytta” på Leknesnakken. Det er Saksa Turstiforeining som har søkt om å få setje opp ei ny hytte der den gamle heimevernshytta har stått. Etter fleire runder med diskusjonar klarte ein gjennom tverrpolitisk samarbeid i SFU å kome fram til eit vedtak der ein gir dispensasjon.

Utvalet meinte at ei hytte etter «dagsturhytte»-prinsippet ville vere høveleg for Leknesnakken. Dagsturhyttene var eit prosjekt som tidlegare Sogn og Fjordane fylke starta opp. Hyttene er kjende landemerke i fleire fylke og populære turmål i mest alle kommunene i t.d. Vestland fylke. Målet med hyttene er mellom anna å bidra til turglede.

I 2022 handsama Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune ei sak om dagsturhytter. Vedtaket vart samrøystes og er starten på «Stikk innom», eit nytt kulturelt turprosjekt. Leiar i utvalet, Marit Nerås Krogsæter, seier dette er eit tverrfagleg verdiskapingsprosjekt som knyt saman interesser innafor folkehelse, arkitektur, kulturminne, opplevingar, frivilligheit, utdanning, friluftsliv og reiseliv. SFU sin tanke var at ei dagsturhytte på Leknesnakken ville passe fint inn i dette konseptet og kunne ha vore eit pilotprosjekt i fylket vårt.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal går sterkt imot bygging av hytte på Leknesnakken og seier at eit slikt inngrep vil redusere fjellet som villmark. Vi veit alle at naturen i Ørsta er særmerkt og spektakulær, og at urørt natur har stor verdi. Eg reagerer på at Statsforvaltaren i klagen sin skriv at fjellet mistar kvaliteten sin som ein stad for fred og ro og at dei som ynskjer slikt må oppsøkje andre stadar om denne dagsturhytta vert bygt. Eg er overtydd om at ei dagsturhytte på Leknesnakken ikkje vil gi store utfordringar m.o.t. fred og ro, men vil sjølvsagt vere eit landemerke som vil vise att i naturen.

Det eg undrar meg over er kva som gjer at ein det er så mykje lettare å få til dette i andre fylke. Når det er klare signal frå Kultur-, næring- og folkehelseutvalet i Møre og Romsdal fylkeskommune om at ein ynskjer «Stikk innom»-hytter, så er eg skuffa over at Statsforvaltaren seier nei. Eit kjapt søk viser at dagsturhytter i andre fylke ligg som utkikspostar i elles urøyvd natur, heilt opp mot 700 m.o.h. Vern om natur er viktig, men det er fleire moment i denne saka som ligg til grunn for SFU sitt samrøystes vedtak om dispensasjon:

1) Der har stått eit hytte frå før, men som no er ramla saman.

2) «Stikk innom»-konseptet frå fylket vil legge vekt på berekraft og miljø. Sentralt her vil vere gjenbruk av eksisterande bygningsmasse, der det er mogleg, og minst mogleg inngrep i naturen.

3) «Stikk innom» legg opp til samarbeid med kommune og andre aktuelle aktørar som frivillige lag og organisasjonar og friluftsråda. I Ørsta vil både kommunen og Saksa Turstiforeining vere naturlege samarbeidspartar, og kanksje også Sunnmøre friluftsråd.

4) Ei dagsturhytte på Leknesnakken vil vere i tråd med satsinga som skjer elles i Hjørundfjorden.

I vedtaket la vi opp til at hytta skal oppførast i same stil og utforming som den hadde, men etter dagens byggekrav. Den skal vere enkel å vedlikehalde og restar etter opphaveleg hytte skal gjenbrukast som autentisk minne om den opphavelege hytta. I staden for eit strengt nei og klage på vedtaket frå SFU, tenkjer eg at dialog med initiativtakarane om både utforming av hytta, korleis ta omsyn til naturen rundt og ikkje skade vegetasjon eller artar med verneinteresse m.m. ville ha vore teneleg i denne saka.

Eg er ikkje overtydd om at ei nøktern «Stikk innom»-hytte på Leknesnakken vil vere i stor konflikt med natur- og frlluftsverdiar. Om den vert ført opp i tråd med tidlegare hytte, så er det ikkje ei stor hytte som vert bygt. Eg hadde håpt Statsforvaltaren såg det og at omsynet til folkehelse, friluftsliv, vern om gamal historie og kulturminne stod sterkare.