"Telt-turistane erobrar campingsplassane" var overskrifta på førstesida 4. august. Ved Ørsta Camping kunne dei melde om travle tider. Det var uvanleg mange teltturistar og ikkje minst mange bubilar.

– Særleg eldre folk er glade i bubillivet. Fred og ro er i ferd med å bli ei salsvare, sa Vivian Ose på Ørsta Camping.

Lokale lag gjorde det godt i Dana Cup. Ørsta og Volda stilte med felles lag i den eldste gutaklassa. Det felles G19-laget kom til semifinalen, og fekk dermed med seg bronsemedaljar heim att. Gutane frå Ørsta og Volda var naturleg skuffa etter tapet i semifinalen, men trener Per Endre Woldsund meinte laget har grunn til å vere stolte av prestasjonen i Dana Cup.

Saudehornet rett opp

Saudehornet rett opp vart ei våt affære, med regn og gjørme i traseen. Likevel sette Ørstajenta Åse Iren Sætre ny personleg rekord med 1 time seks minutt og to hundredelar. Ho vann med det kvinneklassa.

– Det var tungt dei siste hundre høgdemeterane, vedgjekk ho.

Svendsengarden er 150 år i år, og det vart markert på fleire måtar. Styret i Mellestiftelsen Svendsengarden har mellom anna sett i gang pengeinnsamling for å pusse opp loftet på huset.

Vikingtjuveri

Eit av dei mest omtalte innbrota i landet i 2017 skjedde ved Bergen Universitetsmuseum.  Om lag 300 gjenstandar frå Vikingtida vart stole, mellom dei fleire saker som er funne i Ørsta. Mest spesielt var eit anglosaksisk beslag frå før 800, som vart funne i ei grav på Bjørke. Dette beslaget knyter Bjørke-vikingane til toktet mot Lindisfarne i 793, som er rekna som det første viktingtoktet i Storbritania.

I desember vart tjuveriet oppklara. Dei fleste stolne sakene dukka opp att, men nokre var skadde, mellom dei beslaget frå Bjørke.

"Nei til større skule" var oppslaget 22. august. Då vart det kjent at fylkesmannen nektar utviding av Vikemarka skule på grunn av rasfare. "Vi må tenkje heilt nytt om sentrumskrinsen", uttalte skulesjef Kirsti Øy Driveklepp, og dermed var skuledebatten i gang.