"Per Sævik kjøpte Hotell Ivar Aasen for ei krone", var oppslaget 1. juli. Sparebank1 Søre Sunnmøre hadde vore eigar av hotellet i fleire år,men no dukka det endeleg opp ein kjøpar. Kjøpesummen på ei krone var symbolsk. For Sævik måtte ta over ei gjeld på 50 millionar kroner.

– Vårt mål er at vi skal tene pengar på hotellet i løpet av eitt til to år, sa Per Sævik. Herøy-reiaren er kjend som ein satsingsvillleg forretningsmann, med god teft.

Mørebiltomta

I same nummer av Møre-Nytt vart det lagt fram store planar i nabolaget til hotellet.

– Skal vi utvikle Ørsta sentrum til å verte endå meir attraktivt, må her bu folk. Difor satsar vi slik vi gjer, uttalte Jan Endre Vartdal og Arne Johan Rebbestad.

Dei to investorane la fram planar om 94 leilegheiter på Mørebiltomta, og eit prosjekt til 200-300 millionar kroner.

Ørsta har eit talentfullt jentelag i 13-årsklassen.( fødde i 2004) Under Lerum-cup kom Ørstaleget til finalen. Her vart det tap mot Fagernes og dermed sølvmedaljer til Ørsta J13.

Bluesfest

Trandalblues feira 10-årsjubileum andre helga i juli, og det gjorde bluesfestrivalen med stil. Då The Blues Brothers Band spelte på torsdagen var det fullt hus med 1.300 publikumarar.

– Dette er det største eg har opplevd, sa Terje Myklebust, på  vegner av arrangørane.

I alt var 2.500 innom Trandalblues.

–Det er for tidleg å avlyse sommaren 2017!, uttalte Endre Standal 18. juli. Verobservatøren på Ytre-Standal kunne melde om ein uvanleg kald juli, og mykje nedbør. Han hadde grunn til å vere optimistisk. På slutten av juli kom det nokre etterlengta soldagar.

Onsdag 19. juli skjedde ei tragisk drukningsulykke ved Rotevatnet i Volda. Den omkomne var ein ung mann med innvandrarbakgrunn. Dette var andre alvorlege badeulykke på badeplassen på Årneset på to år. begge gongan var personar med innvandrarbakgrunn involvert.

Trass i at sommerveret ikkje var all verda strøymde turistane til vår del av landet. Ei av dei som merka det var Dorit Rønning, som er dagleg leiar for Urke Landhandel og Urke Camping. Der blømer bygda om sommaren.

– Det har skjedd ei endring over få år. Det starta med at Hurtigruta byrja å kome. Det gav eit stort løft, fortalde Dorit Rønning.