- No har vi ein heilt ny situasjon, der Bjørke og Viddal skal over til nye Volda kommune frå 2020. Då er det heilt naturleg at vi tenkjer at også vi kan vere med. Eg kjem til å oppmode ordførar og rådmann om å ta initiativ til eit snarleg kommunestyremøte, der vi forhåpentlegvis kan seie noko om at det beste vil vere om Ørsta og Volda slår seg saman.

Nøgd

Kolås seier at han er nøgd med vedtaket i kommunal- og moderniseringsdepartementet, som måndag slo fast at Bjørke og Viddal ikkje lenger skal vere ein del av Ørsta, men gå til Volda når Volda og Hornindal slår seg saman frå 1. januar 2020.

- Eg har sagt det tydeleg tidlegare, at det var dette resultatet eg håpte på, for då er vi nøydde til å setje oss ned og innsjå at dette er ein heilt ny situasjon. No må vi løfte kvarandre opp og sjå framover. Det er inga hjelp i å grave i fortida. Vi må tenke på kva som er best for komande generasjonar. Slår vi Volda og Ørsta saman vert vi ein tung region med meir gjennomslagskraft. Bonusen er også at vi får behalde Bjørke, og Hjørundfjorden vil vere samla som i dag.

Viljeserklæring

Kolås håper at dei i eit kommunestyremøte kan kome med ei viljeserklæring der det vert sagt at Ørsta kommunestyre ønskjer at Ørsta kommune skal slå seg saman med nye Volda kommune.

- Og eg vil gjerne ha både fylkesmannen og kommunal- og moderniseringsdepartementet representert for å kome med informasjon. Det vil vere naturleg at kommunestyra i både Ørsta, Volda og Hornindal samlar seg og får denne orienteringa. Vi må få til ein politisk dugnad med siktemål om snarleg samanslåing. Vi kan få det til frå 2020. Sjølv om tida er knapp, er der nok tid. Alle spørsmål treng ikkje vere løyste innan den tid. Vi må kjempe for dei komande generasjonane og skape vekst og velstand.