- Vi meiner det av fleire årsaker har vore rett å grensejustere Bjørke og Viddal over til nye Volda, ikkje minst fordi den geografiske plasseringa er slik at innbyggjarane i praksis lever sine liv i nye Volda - men må i dag levere si demokratiske stemme til Ørsta. Nye samferdsleårer som E39 Kvivsvegen har forandra reisemønsteret og knytt folk saman på ein heilt annan måte enn tidlegare. Vi registrerer at Fylkesmannen og no Kommunal- og moderniseringsdepartementet har teke omsyn til at samfunnet endrar seg når nye samferdsleårer vert bygt, seier Lødemel i ei pressemelding.

Han oppmodar no folk om å vise respekt for kvarandre sine meiningar.

- Ved grensejustering blir enkelte innbyggjarar nøgde, medan andre blir misnøgde med avgjerda, og dei personlege kjenslene kan ofte bli svært sterke. No når vi har fått eit endeleg vedtak i saka vonar eg at alle er innstilte på å skilje sak og person, og at dei som er nøgde ikkje hoverer over dei som ikkje fekk ønsket og kravet sitt oppfylt. Personleg vil eg oppmode alle om å vise kvarandre respekt – ikkje minst på sosiale media. Vi skal tross alt leve saman i framtida også, seier leiar i Fellesnemda for nye Volda, Stig Olav Lødemel.