Statens vegvesen har kostnadsrekna ein toløpstunnel mellom Volda og Furene til 1,8 milliardar kroner. Det skriv vegvesenet i ei pressemelding fredag ettermiddag.

Utkastet til reguleringsplan omfattar ein toløpstunnel, og anslaget er gjort uifrå desse føresetnadane.

Volda tunnel er i Nasjonal transportplan prioritert i perioden 2024-2029 med ei kostnadsramme på 900 millionar kroner.

– Statens vegvesen vil arbeide vidare for at prosjektet kan realiserast innanfor denne kostnaden, og tek sikte på å sende reguleringsplanen til Volda kommune til høyring og offentleg ettersyn etter sommarferien.

For å få kostnaden ned, kan det vere ei løysing at prosjektet blir bygt ut trinnvis, ifølgje vegvesenet. Med eitt løp i første omgang og det andre når trafikkmengda krev det.

– Dei siste trafikkutrekningane for ny E39 Volda-Furene viser at trafikken på sikt kan overstige 8.000 køyretøy i dagnet. Dette er noko høgare enn tala som låg til grunn for den vedtekne kommunedelplanen. Lengda på tunnelen og den auka trafikkmengda vil etter trafikktryggleiksforskrifta utløyse krav om rømmingsveg. I praksis vil dette seie at tunnelen må regulerast med to løp, og det er denne løysinga som ligg inne i kostnadsutrekninga, skriv vegvesenet i pressemeldinga.

Regjeringa har likevel gitt signal om at det i større grad må tenkast trinnvis utvikling av standarden der det er økonomisk eller samfunnsøkonomisk lønsamt.

– Dette vil til dømes kunne innebere å bygge eitt tunnelløp først, for deretter å bygge det andre tunnelløpet når trafikkmengda tilseier det.