- I løpet av 2022–2023 er det håp om byggjestart på Voldatunnelen mellom Heltne og Furene.

Det seier stortingsrepresentant Steinar Reiten (KrF), etter at samarbeidspartia på borgarleg side er samde om Norsk Transportplan for perioden 2018–2029. Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen presenterer planen i dag.

I NTP er det lagt inn fullfinansiering med statlege midlar til Voldatunnelen i andre periode. Det vil seie åra 2024–2029. Men det Reiten peikar på, er at det også skal til ein vesentleg bompengefinansiering av dette prosjektet. Voldatunnelen er kalkulert til 900 millionar kroner, der seks hundre millionar skal verte finansiert med statlege midlar, og 300 millionar kroner med bompengar.

Det er ikkje sett av pengar til Hafast i planperioden, men i NTP er det slått fast at Hafast skal vere det neste store fjordkryssingsprosjektet etter Møreaksen. Møreaksen skal finansierast med seks milliardar kroner i andre delen av planperioden, og i tillegg er det lagt opp til anna finansiering/bompengar med to milliardar kroner.