- Ein sensasjon meinte ekspertane om det over 1.000 år gamle sverdet som Einar Åmbakk fann i Reinheimen nasjonalpark i Oppland. Ein gjeng frå Ørsta var på reinsdyrjakt i høgfjellet, då Einar Åmbakk såg noko som likna på ei jarnstong.

– Det stod ikkje "Made in China" eller noko slik på det, og vi skjønte at det måtte vere gammalt, fortalde Einar Åmbakk.

Funnet vart overlevert til arkeologar i fylkeskommunen som kunne konstatere at det var eit over 1.000 år gammalt sverd.

– Dette er eit fantastisk funn av eit sverd som har halde seg godt, sa fylkesarkeolog Espen Finstad.

Det spesielle er at funnen vart gjort så høgt til fjells ( 1.650 meter over havet)

Saksa opp

Motbakkeløp vert det stadig fleire av, og i september var det klart for to nyvinningar: Saksa opp og Dalegubben opp. Saksa opp vart ein suksess, og arrangørane hadde fullklaff med veret. Vinnar vart heimefavoritten Andreas Skylstad frå Øye.

I Follestaddalen vert også hindeløpet Over stokk og stein arrangert kvart år. 12-år gamle Ariana Rebbestad var raskast av alle jentene i mosjons/familieklassa.

Sander Elias Andersen vart tildelt talentstipendet til Sunnmøre Kammermusikkfestival og Sparebank 1 Søre Sunnmøre. Han takka den læremeisteren Knut Ose. Denne eldsjela i det lokale musikkliver døydde i januar.

Historisk val

11. september var det Stortingsval. 102 år gamle Ragna Krøvel var ei av dei som nytta røysteretten. Ho meinte at politikarane no til dags kranglar for mykje. Valet vart historisk, sidan både ein ørsting ( Fredric Holen Bjørdal) og ein volding ( Jon Georg Dale) vart valt inn på Stortinget. Dette er første gong at Ørsta og Volda har kvar sin stortingsrepresentant, men Jon Georg Dale er førebels plassert i regjeringa.

Eit gammal hus brann på Vartdal i september. Brannen fekk mykje merksemd fordi brannvesenet gjekk tome for vatn. Utan andre vasskjelder måtte brannfolka stå å sjå på at huset brann ned.