- No må vi slå oss saman

Inge Kolås (Frp) meiner tida er overmoden for å ta grep og slå Ørsta og Volda saman til ein kommune.

Inge Kolås (Frp).  Foto: Joachim Kroken Åsebø

Nyheiter

- No har vi ein heilt ny situasjon, der Bjørke og Viddal skal over til nye Volda kommune frå 2020. Då er det heilt naturleg at vi tenkjer at også vi kan vere med. Eg kjem til å oppmode ordførar og rådmann om å ta initiativ til eit snarleg kommunestyremøte, der vi forhåpentlegvis kan seie noko om at det beste vil vere om Ørsta og Volda slår seg saman.

Nøgd

Kolås seier at han er nøgd med vedtaket i kommunal- og moderniseringsdepartementet, som måndag slo fast at Bjørke og Viddal ikkje lenger skal vere ein del av Ørsta, men gå til Volda når Volda og Hornindal slår seg saman frå 1. januar 2020.