Måndag ringde kommunalminister Monica Mæland til Ørsta-ordførar Stein Aam med ei viktig beskjed: Kommunal- og moderniseringsdepartementet har bestemt at Bjørke og Viddal skal vere ein del av nye Volda kommune frå 2020.

I 2020 slår Hornindal og Volda seg saman. No får dei også Bjørke og Viddal og deira 115 innbyggjarar med på kjøpet, i tillegg til 18 prosent av arealet i kommunen, om enn noko ufrivillig frå Ørsta kommune si side.

Maria Nikkinen Rørstad har heile tida vore klar på kva ho meiner i saka, men sikker i si sak om resultatet av grensejusteringssaka, har ho ikkje vore.

- Det første eg tenkte var: Oi. Dette hadde vi nesten ikkje trudd. Så tenkte eg: Dette vert bra!

For Maria Nikkinen Rørstad handlar det om retten til å få vere med å påverke i det samfunnet ho er ein del av.

- Vi ønskjer å vere ein del av vårt nye nærmiljø, å få vere med å påverke det, forme det og meine noko om det. Det er så enkelt. Og vårt nærmiljø er Volda og Hornindal. Det er der vi hentar tenestene våre.

Engasjement

Ho seier at ho forstår godt dei som ønskjer å verte verande i Ørsta, og også at Ørsta kommune gjerne vil behalde Bjørke.

- Og dette handlar ikkje om at vi ønskjer å øydelegge for nokon. Men vi ønskjer å vere ein del av vårt eige nærmiljø.

Ørsta kommune har i ei årrekkje kjøpt tenester med Volda kommune for mellom anna barnehageplassar og skuleplassar, og no også i Hornindal etter at Kvivsvegen kom i 2012.

- Det vi må gjere no, det er å halde på det enorme engasjementet vi har sett frå grasrota her i bygdene våre, og ta det med oss inn i den nye tida. For eller imot grensejustering, alle har eit felles mål: Vi vil det beste for bygda vår, og det må vi hugse også framover, og ta med oss på vegen vidare. Eg trur ikkje på umiddelbar effekt og gull og grøne skogar, men eg vel å sjå positivt på dette, og har trua på at vi kan jobbe saman vidare.