Volda tok kommandoen frå start med Volda-kaptein Hilde Egset i storslag, og leia 7–1 etter 10 minutt. Trondheimslaget gjorde alt dei kunne for å halde tempoet nede i kampen, og var ved fleire høve på nippet til å verte avblåst for passivt spel. Heimelaget gjorde stort sett som dei ville mot svake trønderar og kunne gå til pause med 16–8 leiing.

To Olivia Kiss skåringar gav Volda ein pangstart på 2. omgang og etter fem minutt hadde dei auka leiinga til elleve mål. Resten av kampen vart ei rein transportetappe.

Skåra fire på sju minutt

Også i denne kampen lot trenar Igor Terzic dei yngste spelarane få nyttig speletid. Auria Ann Ose fekk verkeleg sin elddåp. Ho kom innpå som venstre bakspelar sju minutt før slutt, og imponerte med fire skåringar på rad. I tillegg gav han Melita Jug nyttig speletid som avløysar for Runa Vik i Vold-buret. Begge målvaktene leverte kvar sin gode omgang og vert nok eit sterkt kort å ha i ermet når det vert tøffare motstand.

Årsbeste av kapteinen

På Volda leverte Hilde Egset sin beste kamp for sesongen. Ho er ein av to pendlarar på laget og både trenar og studerer i Trondheim. Mot Ranheim var ho på førsteseksaren og takka for tilliten med godt spel både i angrep og forsvar.

– I dag var eg skikkeleg gira og ville vise at eg er i form. Eg har ikkje hatt marginane med meg i dei tidlegare kampane, men har dei siste vekene fått nyttig balltrening med Skaun. Noko som har gitt gode resultat, sa kapteinen som også var nøgd med det ho har sett av kroatiske Melita Jug.

– Ho vert ein viktig tilvekst i målvaktsstallen vår, og vil nok saman med Runa verte viktig i kampane som kjem.

Olivia Kiss leverte ein ny god kamp på strek og skåra frå alle vinklar. Av bakspelarane fekk både Line S. Hagen og Vanessa Hoel vist fram skotarma i dei periodane dei var inne på bana. Volda-trenar Terzic var også fornøgd.

– Kampen vart som forventa og jentene gjorde ein god jobb. For meg som trenar var det kjekt å sjå at unge spelarar som Tiril Eidset (17) og Auria Ann Ose (18) spelte med låge skuldrer og jobba godt både i angrep og forsvar då dei fekk kome innpå dei ti siste minutta.

Ny målvakt

Melita Jug vart presentert for Volda-publikummet før kampen og fekk prøve seg ein omgang mellom stengene. Førsteinntrykket av Volda og heimepublikummet har til no berre vore positivt.

– Folk er positive og alle smiler. Har ikkje fått sett so mykje av Volda enno, men førsteinntrykket er bra. Ser fram til å verte betre kjent med alle på laget og få sett meir av både Volda og landet.

27-åringen kom til Volda frå den kroatiske klubben ZRK Koka og vart speleklar sist fredag.

Tre veker til neste kamp

Volda har no spelefri i tre veker. Dei neste to seriekampane går i Trondheim der dei skal møte Heimdal og Utleira. To tøffe motstandarar som heilt klart kan stoppe sigersrekkja til Volda.

Volda-trenar Terzic veit dette og vil prøve å få god matchtrening fram mot dei to kampane. Neste måndag har dei avtalt treningskamp mot 2.-divisjonslaget Førde som toppar avdeling vest. Denne kampen vil gå i Stryn. Veka etter vert det treningsweekend i Volda med treningskamp mot Ålesund.

Kampfakta

Volda HK – Ranheim 36 – 16 (16-8)

Voldahallen: 213 tilskodarar

Volda: Runa Vik, Melita Jug, Hilde Egset 7, Anette Berg , Linn Berg 4, Kine Kvalsund 3, Olivia Kiss 7, Maria Ulla 1 ,  Line S.Hagen 5, Vanessa S.Hoel 3, Aukse Aglinskiene 1,Tina Gavranic 1, Auria Ann Ose 4 og Tiril M.Eidset.

Toppskårar  Ranheim: Mia Lundberg 5

Best på Volda:  Hilde Egset og Olivia Kiss.

Utvisningar: Volda 1 x 2min, Ranheim - ingen

Domarar: Frode Strandmann og Roar Strandmann.