Møre og Romsdal stilte med 24 utøvarar i den innlagte kretskonkurransen for klassane 13 og 14 år. Fem av desse var frå Ørsta IL. I kretskampen tok Hordaland 300 poeng, Møre og Romsdal 174 poeng og Sogn og Fjordane 125 poeng.

Ørsta IL sine åtte utøvarar gjorde det godt på stemnet. Dei fleste av utøvarane var med på mange ulike øvingar. Anna Hjellen Haugland (J13) tok gull i slegge 2 kg med 31,11 m. Dette er ny aldersrekord for Ørsta IL. Ho tok og gull i kule med 10,24 m.

I klassen J14 var Ingvild Sunde Stokke, Maria Sætre, Sigrid Vartdal og Åse Øyehaug med frå Ørsta IL. Sigrid tok fleire medaljar. To av dei var på 200 m sølv med 28,80 sek og i slegge 3 kg med 23,84 m. Ho sette ny pers i begge øvingane. Åse tok og fleire medaljar. Ho sette mest pris på bronse i lengde med 4,51 m. Maria har beste spensten i gruppa og tok bronse i høgde med 1,40 m. Ho sette og solid pers i lengde med 4,24 m, og har mykje meir å gå på. Ingvild forbetrar seg stadig. Ho tok sjetteplass på 600 m. Ho hoppa godt i lengde, men fekk dessverre ingen gyldige hopp.

Hannah Marie Skjeret (J18/19) sprang godt, men 100 m med 12,64 sek og 200 m på 25,90 sek er noko bak årsbeste. Hannah stiller høge krav til seg sjølv, så ho var ikkje heilt nøgd. Ho skal tilbake til Byrkjelo i august på junior NM og legg opp til ein ny formtopp då.

Camilla Brekke Leikanger (J12) sette ny pers på 60 m med 9,32 sek. Guro Øyehaug (J12) nådde nesten opp til pers i spyd med 19,76 m.

Tekst: Olve Øyehaug

Anna Hjellen Haugland er råsterk og tok gull i både slegge og kule i klassen J13. Ho sette ny aldersrekord i slegge for Ørsta IL. Foto: Trine Sørheim Skjeret