VTIL er i gang med ei stor anleggsutbygging. Kunstgrasbana er allereie i bruk, og no ventar bygginga av klubbhus.

Laget søkjer kommunen om ei forskottering på 1,5 millionar kroner til klubbhuset. Laget har eit lån i Sparebank 1 SMN på 3.691.766 kroner, og dette vil bli redusert til 2.441.766 kroner når idrettslaget får utbetalt siste rest av spelemidlar som vart tildelt i samband med bygging av fotballbana på VD stadion. Dette er pengar vi allereie har forskottert i fem år, forklarar VTIL-leiar Petter Buset i søknaden til Ørsta kommune.

Samstundes søkjer idrettslaget om eit driftstilskot for å dekkje rentekostnader i forskotteringsperioden frå 2019 til 2023. Dette utgjer 467.329, kroner.

– Det er krevjande for VTIL å forskottere slike summar over lengre tid, og slik situasjonen er no med auka kostnader både til drift og renter, ber vi om hjelp frå Ørsta kommune for å vareta forpliktingane våre, skriv Buset.

VTIL viser til at kommunestyret i Ørsta allereie har vedteke å støtte Ørsta hest på tilsvarande måte.

– Med bakgrunn i dette søkjer også VTIL om lik behandling, for å kunne gjennomføre naudsynte byggjesteg for klubbhuset, skriv Buset på vegner av Vartdal turn og idrettslag.