Skulecup i friidrett har vore ein tradisjon for skulane i Ørsta. Tidlegare i år gjennomførte ei stor gruppa kvalifisering i Ulsteinhallen. Tysdag var Ørsta-elevar og lærarar på plass i Molde for å ta del i finalen.

I år var Velle skule og Vikemarka skule representert i finalen, medan Ørsta ungdomsskule ikkje var med.

For Vikemarka skule var det mange gode resultat: Jenter 7. klasse 60 meter: 3.-plass Anny Ottestad (9.08). Jenter 7. klasse 600 meter: 2.-plass Anny Ottestad. Gutar 7. klasse 60 meter: 2.-plass Daniel Aam Kriken (8.66). 5.-plass Isaac Vartdal Bjerke (8.86) Gutar 7. klasse lengde: 3.-plass Isaac Vartdal Bjerke (4.26 m). Gutar 7. klasse 600 meter: 1.-plass Daniel Aam Kriken. Jenter 6. klasse 60 meter: 2.-plass (9.21) Madelen Almestad. Jenter 6. klasse kule 3.-plass (8.34m) Madelen Almestad. Jenter 6. klasse lengde: 1.-plass 4.25 meter Madelen Almestad.

Vikemarka-elevane tok medalje i alle disiplinar dei deltok i.

Velle skule leverte og gode resultat. Trym Ville Krøvel (7. trinn) vann kulestøytkonkurransen med eit støyt på 12.74 meter. Lukas Bjørdal (6. trinn) tok 3.-plass i lengde med eit hopp på 3.53 meter. Anna Grimstad Kriken (6. trinn) tok 4.-plassen i kule med 7.96 meter og Thea Håskjold kom på 6.-plass med 6.96 meter.