Fredag skal Hovdebygda spele sin første offisielle kamp i 2023 og laurdag skal Ørsta og Volda måle krefter.

Ute er det lite som minner om vår og fotballsesong, men fredag går startskotet for dei lokale laga i 3. og 4. divisjon. Første kvalifiseringsrunde til cupen blir gjennomført komande helg.

Både Hovdebygda og Ørsta kvalifiserte seg til cupen etter sesongen i 4. divisjon i fjor. Hovdebygda har fått heimekamp i første kvalifiseringsrunde og møter divisjonskollega Bergsøy.

Laurdag blir det lokaloppgjer mellom Ørsta og Volda. Kampen blir spelt i Ørsta. Volda, som spelar i 3. divisjon, er førehandsfavorittar. Ørsta har fått tilbake ein svært målfarleg duo i Evan Dyrhol Aambø og Knut Erik Myklebust før årets sesong.

Startskotet for sesongen i 4. divisjon er 21. april for Ørsta. Då møter dei Herd på heimebane. Hovdebygda møter Bergsøy på heimebane 21. april.