- Det gjekk ikkje berre litt trått i dag og vi bomma på mange sjansar 1. omgang. Då Per Haug snubla i det han skulle avslutte og Terje Rebbestad sette ballen i stolpen då ante vi litt av kva denne kampen kunne bli. Det er fort gjort å tape, men det gjekk heldigvis bra, seier Åmdal-trenar Svein Erik Grevsnes.

Åmdal hadde god kontroll på banespelet gjennom store delar av kampen mot Blindheim 2 onsdag kveld. Gjestene skapte ingenting i opninga av kampen, men etter 13 minutt tok dei leiinga på sin første sjanse. Åmdal gjekk rett i angrep etter avspark og Ole Christian Fet utlikna til 1-1. Nokre minutt seinare sette Per Hauge ballen i stolpen. Terje Rebbestad fekk avslutta på returen, men målvakta redda. Etter 26 minutt fekk Blindheim 2 hjørnespark og tok leiinga igjen på deira andre avslutning på mål i kampen. Etter 32 minutt burde Haug utlikna til 2-2, men han fekk ikkje stokka beina og avslutta to meter frå målstreken. Blindheim var ikkje heilt ufarlege på tampen av omgangen, men laga gjekk til pause på stillinga 2-1 til gjestene.

Etter kvilen hadde Åmdal stort sett ballen, men det tok tid før heimelaget klarte å skape dei store sjansane. Ole Martin Solgard Ose avslutta i stolpen etter eit kvarter. Fem minutt seinare fekk Chris Patrick Aspås Kristiansen frispark på 17 meter. Han tok det sjølv og utlikna til 2-2. Åmdal skapte fleire sjansar utover i omgangen. Med cirka ti minutt att av kampen kom Rebbestad seg fri på høgresida. Han fann Bjørnar Sundnes i feltet, og Åmdal hadde snudd kampen. Vertane fekk store rom å springe då Blindheim flytta laget høgare opp i bana. Fem minutt før slutt fekk Åmdal straffe då Rebbestad var takla i feltet. Kaptein Johan Liseth Pedersen tok straffa, men sette den over mål. Tre minutt seinare kom Rebbestad seg fri på nytt og den rutinerte vingen fastsette sluttresultatet til 4-2-siger for Åmdal.

- Vi får vist litt av breidda i stallen og så vi nokre spelarar til i bakhand. Det var kjekt, men det var ein slitesiger. Blindheim var overraskande bra.

Åmdal står med full pott etter to seriekampar.

- Det hadde vi forventa. No ventar to lokaloppgjer som lever sitt eige liv.

Vartdal slo Emblem 2 6-2 på bortebane. Marius Østgaard, Rolf-Audun Vartdal (3), Eivind Vartdal og Jostein Bjørlykhaug skåra måla for bortelaget.