Det fortel klubben i ei pressemelding.

Laurdag 28. oktober deltok 8 utøvarar frå Volda NTN Taekwon-Do klubb på fylkesmeisterskap i Molde. På veg heim kunne dei vise fram 4 gull, 1 sølv, og 1 bronsemedalje. Dei som deltok var Dina Sofie Gulbrandsen Lehne, Gaute Embret Gulbrandsen Lehne, Preben Eikrem, Ingeborg Bjørneset, Elin Kalvatn Moe, Thomas Meier Fiskerstrand, Elisa Hansen og Jon Olav Kvalsund.

Elisa Hansen. Foto: Volda NTN Taekwon-Do klubb

De to sistnemnde er instruktørar, og kan stolt fortelje om eit meisterskap som gjekk over all forventning.

- Dette var den første meisterskapen vår, og vi oppnådde ei rangering som 3. beste klubb. Vi er utruleg stolte av alle utøvarane våre som gjekk inn i ringen og kjempa. Trass i at det var den aller første meisterskapen til seks av utøvarane, presterte dei svært godt. På veg heim tok vi med oss medaljar, lærdom og nye vennskap, fortel Kvalsund.

Resultat

Gull: Jon Olav Kvalsund – mønster, sparring og spesialteknikk, Elisa Hansen – sparring

Sølv: Thomas Meier Fiskerstrand, mønster

Bronse: Ingeborg Bjørneset, mønster

Dina Sofie Gulbrandsen Lehne. Foto: Volda NTN Taekwon-Do klubb

NM i Stavanger

3. - 5. november drog Elisa og Jon Olav til Stavanger for å delta på NM i Taekwon-Do. Elisa deltok i mønster og sparring. Ho deltok også på lagsparring med regionslaget Team Nordvest.

- Lagsparring er ein versjon av sparring, altså kamp, der to lag på fem utøvarar kvar møter kvarandre i ringen. Laga sender ut kvar sin utøvar etter tur, og det laget som har flest poeng etter fem kampar vinn», forklarar Elisa.

Til tross for mange gode kampar og fine prestasjonar frå Elisa, vart det ingen pallplassering. Jon Olav kjempa seg fram til ein fin 3. plass og fekk dermed ein bronsemedalje i sparring. Han deltok også i mønster og lagsparring.

- Vi ser allereie fram til komande meisterskap på nyåret. No står graderingar for tur der utøvarane skal vise fram kva dei har lært sidan sist, for å oppnå ny beltegrad i Taekwon-Do. Elles planlegg vi å starte nybegynnarkurs for barn, ungdom og vaksne i veke 47, seier Kvalsund om framtidige planar.

Resultat

Bronse: Jon Olav Kvalsund, sparring.

Jon Olav Kvalsund. Foto: Volda NTN Taekwon-Do klubb

Utvikle heile mennesket

Taekwon-Do er ein koreansk sjølvforsvarskunst der målet er å oppnå god fysisk og mental balanse, og treninga tek utgangspunkt i eigne føresetnader. Taekwon-do er ein svært allsidig form for fysisk trening der heile kroppen blir godt trena, og kan drivast av både barn, mosjonistar og utøvarar som ønsker å konkurrere. I tillegg til å lære sjølvforsvarsteknikkar som slag og spark, vil ein gjennom idretten få betre sjølvtillit og sterkare sjølvdisiplin.

- Vi søker å utvikle heile mennesket, fortel Kvalsund.