Måndag kveld vart det klart at voldingen Sivert Heltne Nilsen skifta beite frå Tippeligaen og Vålerenga til 1. divisjon og Brann. Heltne Nilsen gjekk frå Hødd til Vålerenga før 2014-sesongen, og har spelt 41 kampar for hovudstadslaget. Heltne Nilsen spelte under sin far Lars Arne Nilsen i Hødd, og no vert far og son gjenforent. Ifølgje brann.no var ikkje Heltne Nilsen i utgangspunktet til sals, men situasjonen endra seg i løpet av sommaren.

- Vi har sett etter ein nr. 6-spelar lenge, både i Noreg og i utlandet. Vi har hatt han på blokka ei god stund, men han spelte lenge fast på Vålerenga og vi hadde ikkje muligheit til å hente han tidlegare. Dette endra seg no i det siste og hans navn dukka opp att, så då tok vi kontakt med rådgjevaren for å høyre om mulegheita, seier sportssjef Rune Soltvedt til brann.no.

Brann er laget som Heltne Nilsen er supporter av i Noreg, og konkurransen om å sikre seg 23-åringen har vore hard.

- Konkurransen om Sivert har vore hard, han kunne valt ein klubb som sportsleg sett ligg høgare der han kanskje kunne fått betre personlege vilkår.

Heltne Nilsen seier at han ikkje kunne seie nei til Brann.

- Eg har prata med ein del klubbar, men det er noko med Brann som gjer at eg ikkje kunna la denne sjansen gå frå meg. Hjartet mitt ville til Brann. Det var hjartet mitt som valte dette, seier Heltne Nilsen.

Brann sine nye midtbanespelar er trygg at klubben vil lukkast og har von om opprykk.

- Eg veit at vi kjem til å lukkast. Eg håper vi rykkjer opp. Vi ligg i ein utfordrarposisjon, vi kan fort rykkje opp. Vi må jo ha trua på det.

Ifølgje Soltvedt var ikkje hovudtrenar Lars Arne Nilsen heilt overbevist i starten grunna familieforholdet.

- Dei har jo jobba saman før, men no er det i Brann, og det blir jo litt annleis. Men klubben ønska verkeleg å hente Sivert og etter mange gode diskusjonar ville Lars Arne også dette til slutt. Då kunne vi gå i samtaler med Vålerenga og fekk til ein god avtale med dei. Det var ekstrem gledeleg, seier Soltvedt.