– Det er ein myte at nordmenn er eit lukka folk. Her i regionen er folk veldig opne, og vi har blitt svært godt mottekne, seier den ferske trenaren for elitelaget ved Volda Handball.

Han og familien var klar for å prøve noko nytt, og tidlegare trenar i Volda, Alfred Örn Finnson, anbefalte jobben for Gudmundsson. No har han teke med familien på fire til Volda for dei tre neste åra.

– Eg og kona var begge klar for å prøve noko nytt. Sonen vår er åtte år no, så viss vi skulle gjere det, måtte det skje no. Vi er svært nøgde med å ha hamna i Volda. Det er ein fantastisk stad for småbarnsfamilie, bra handballmiljø og vi har forelska oss i naturen, fortel Gudmundsson.

Islendingen har 15 års erfaring som trenar for både herre- og damelag i toppdivisjonen, og er ein svært sentral person i det islandske handballforbundet.

Går ein tøff sesong i møte

Volda som gjekk utan tap heile førre sesong, må bu seg på langt tøffare motstand når dei i haust tek steget opp til 1. divisjon.

– Eg trur vi kjem til å merke at Eva Bjørk Hlødversdottir, Malene Aambakk og Hilde Egset har reist, men eit lyspunkt no er at Laima Bernataviciute er ferdig med permisjon og blir klar til å spele att i løpet av august, fortel han.

Men han legg likevel ikkje skjul på at det ikkje kan erstatte at tre gode spelarar har reist etter fantomsesongen i fjor. No er Volda Handball på jakt etter nye gode spelarar, helst frå lokalmiljøet.

– Vi har allereie hatt eit par spelarar på trening, og vi prøver i det lengste å finne nokon frå området her. Volda er eit sentrum for dei som vil satse innan handball, og eg er oppteken av å ha eit godt forhold til klubbane i området. Vi håper å ha dei på plass innan dei to neste vekene, seier Gudmundsson.

Topp åtte

Fyste mål for laget er at dei skal halde seg blant dei åtte beste laga i divisjonen.

– Det føler vi er eit realistisk mål når laget skal spele 1. divisjon for fyste gong. Greier vi det, er vi nøgde. Greier vi betre enn det, så er det sjølvsagt veldig bra. Men det er viktig at vi set oss realistiske mål i byrjinga, og då kan vi eventuelt justere på målsetjingane undervegs, seier Gudmundson, og legg til at publikum kan venta seg heilt andre tilstandar enn plankekøyringa dei var vitne til i fjor.

– Eg trur det blir enda meir spenning på handballkampane denne sesongen. No vil vi møte lag som er like gode og betre enn oss sjølve. Her får vi verkeleg utfordra oss. Samstundes meiner eg at det er ekstra, ekstra godt å gå ut av hallen med sigeren i lomma når ein ikkje venta det på førehand, seier han.

Generalprøve

I slutten av månaden kjem generalprøva for både Gudmundsson og laget, når dei tek i mot Viking, Selbu og Molde til Sparebank 1-turnering i Voldahallen.

– Til no har eg berre sett laget i skikkeleg kampmodus på film, og det blir ei nyttig erfaring å få leie laget i kamp før sesongen startar. Eg veit at alle desse tre laga kjem til å gje oss tøff motstand, og det er ei reell prøve på kva vi kjem til å møte seinare i sesongen, fortel han.

Oppkøyringa til sesongen er i gang. Juni starta dei med treningar, før dei tok ei pause i juli. No har Gudmundsson vore i Volda i to veker, og måndag er det på tide å kome seg ut av feriemodus.

– Då skal alle vere tilbake og 100 % på trening. Tida framover skal vi nytte til å kome inn i den gode rytma, og utvikle spelet, fortel han.

Islendingen har høyrt gjetord om engasjementet rundt handballjentene, og gler seg til å kaste i gang sesongen heime mot Gjerpen 15. september.

– Det er utruleg flott at folk støttar opp om laget. At vi får litt press på oss er bra, det gjer oss skjerpa. Eg er ikkje så veldig nervøs før sesongstart, men er svært spent. Det er mykje kjensler i idretten, og det er noko av det eg verkeleg likar med det. Engasjement er alltid bra, seier han.