Volda Handball skriv vidare at dei er svært fornøgde med at Halldór er motivert for ein ny sesong i Volda, og dermed er ei brikke på plass i den vidare satsinga mot eliteseriespel for damelaget.

– Volda Handball sitt damelag har allereie vist at dei høyrer til i toppen av norsk damehandball. Halldor har fått fram eit stabilt vinnarlag basert på lokale og regionale spelarar, og vi er svært entusiastiske og stolte over å ha fått med oss Halldor i minst ein sesong til, seier styreleiar Norodd Dyrhovden.

Halldór Stefán Haraldsson kom til Volda for snart seks år sidan, og sette umiddelbart sitt preg på alt sportsleg arbeid i klubben. Stikkordet er systematikk i alt som blir gjort. Tydelege individuelle og kollektive treningsopplegg for alle aldersgrupper basert på erfaring og forsking, loggføring, evaluering og justering. Utstrekt bruk av videoanalyse knytt til både førebuing og evaluering av trening og kamp, lever han etter prinsippet om at «djevelen ligg i detaljane». Og det gir resultat!

– Grunnen til at eg signerer for ein ny sesong, er drivkrafta i klubben. Vi har lagt bak oss to svært vanskelege sesongar pga av Covid, og vi har ikkje fått tatt ut og vist det potensiale som ligg i klubben! No har heile klubben satt inn eit nytt gir, og vi ser at entusiasmen er på veg tilbake i heile klubben, noko som er viktig for meg som trenar. Eg blir inspirert av den entusiasmen og alt det arbeidet folka knytt til klubben legg ned kvar dag. Eg trur vi kan løfte klubben til nye høgder samen med sponsorar, publikum og alle andre som er glad i Volda handball, seier Halldór Stefán Haraldsson.