Kine Kvalsund har hatt ein draum om å spele i eliteserien med Volda. Etter opprykket denne sesongen får vingen og kaptein oppfylt draumen. No er det klart at Kvalsund og har skrive under på ny kontrakt med Volda.

- Kine har vore kaptein på laget dei siste seks sesongane og vi er veldig glade for at ho vel å spele med oss i Eliteserien neste år. Kine er ein spelar som har vist igjennom åra at alt er mulig å få til med trening og stå-på vilje, ho er eit forbilde for mange av dei unge spelarane i klubben, seier trenar Halldór Stefán Haraldsson til Volda handball sine heimesider.