Gabriel Skotte vart krinsmeister i klasse B, Jakob Keilen Thomsen tok andreplass i klasse E, og det vart tredjeplass til Alexander Kamennyy i klasse D.

Volda Ørsta Sjakklags Ungdom sine spelarar klarte seg fint i KM i sjakk for ungdom i Molde laurdag 21. oktober, med mange gode prestasjonar og plasseringar.

I tillegg til dei tre medaljeplassane er det grunn til å framheve Adam Hanssen sin fjerdeplass og Nicolai Paus sin sjuandeplass blant 22 spelarar i yngste klasse. Mern alle klarte seg fint, med mykje godt spel, og sigrar mot spelarar frå andre klubbar. Meisterskapen samla 51 spelarar frå klubbane i Møre og Romsdal, og vart spela som 6 runder hurtigsjakk.