Voldasymjarane var nyleg til Molde for å vere med på eindagsstemnet der, og oppnådde på nytt gode tider på distansane dei stilte opp i. Dagen etter reiste nokre av dei til Førde for å få med seg Sunnfjord Open, som var siste sjanse til å kvalifisere seg til Nordsjøstemnet i Stavanger.

Sander åleine til Nordsjøstemnet

Både Jenny Karin Mikalsen, Ingrid Godager og Kristine Godager hadde mulegheiter for å klare kvalifiseringstidene til dette store internasjonale stemnet. Dei satsa, var nære, men lukkast ikkje heilt. Nærmast var Ingrid, som var 4/100 unna kravet på 50 bryst i Molde. Tida 40,04 er solid pers, men 4 viktige 100-deler for sakte. På 50 rygg hadde ho også moglegheiter, og tida 36,69 er ein fin pers, men også 0,69 bak kravet. Kristine gjorde eit nytt forsøk på 50 butterfly, men klarte ikkje den framgongen som måtte til for å kome under kvalifiseringstida. Men tida 33,74 viser at ho har stabilisert seg på eit nytt nivå, 0,02 sek. bak det ho gjorde i Bergen helga før. Det tredje forsøket gjekk heller ikkje. Jenny Karin sumde på nytt eit godt løp på 200 bryst, men likevel litt for sakte. Tida 2.58,44 er blant dei aller beste ho har gjort, men likevel 2 sek. bak kravet til Nordsjøstemnet.

Anja tilbake

Anja Heltne sesongdebuterte på Molde, og med symjing heilt opp mot det beste ho har vist tidlegare. Hennar spesialitet er sprintdistansane på frisymjing, og ho fekk gjort to 50-meterar denne dagen. Den individuelle starten gav 29,54, 4/100 bak eigen pers. Men på stafetten sumde ho endå fortare. Fjerdeetappen på medleylaget gjekk unna på 28,81, og sjølv om flying start gir ein fordel, kan vi kjapt konstatere at dette er av dei raskaste 50-meterane ho nokon gong har gjort.

Volda-jentene vil på 4x50 fri stafett no i nærmaste framtid vere i stand til å gå under 2 minutt, og dermed er ei draumegrense broten. Ikkje er det langt fram til den legendariske tida 1.57,8 heller, som var den norske rekordtida Volda-jentene sette i 1974. Skjer det på Julelauget?

Framgang for dei yngste

Håvard Glimsdal har trent på butterfly (også) i det siste, og det same har Magnus Kobbevik Mikalsen. Artig då at når dei forbetrar tidene sine med ein 5–8 sekund, hamnar dei på nesten same tid. Håvard på 50,57, og Magnus på 50,62. Øyvind Glimsdal er nok også mest nøgd med 50 butterfly på Molde. Tida 39,68 er berre 4/100 bak persen.

Marlen Strand forbetra seg på alle dei fire distansane ho stilte opp i. Målet er å bli med på årsklassemønstringa i februar neste år, og då må ho bl.a. vere kvalifisert på 400 fri. No vart det pers med 20 sek til 6.49,99.

Rekordforbetring

Christian Tang Christiansen er i ferd med å omkalfatre lista over klubbrekordane til VTI-symjing. Denne gongen var det sin eigne ferske rekord han forbetra. På Molde sumde han 50 fri på 24,59, eit halvt sek. raskare enn det han gjorde i Bergen helga før. Det er ei anstendig tid – med marsjfart kjappare enn 2 meter pr sek – men han har sumd fortare før. Det kjem han til å gjere for Volda også.

VTI-symjing