Anders Vatsaas har teke på seg trenaransvaret for herrelaget og har fått med seg Stian Aasen som lagleiar. Tommy Bjørnerem Furuli, som er spelarutviklar i Volda, vil medverke på treningane saman med målvakt Hilde Søyseth ein gong i veka. Den nye satsinga vart presentert på eit spelarmøte tidlegare denne veka der både senior- og aldersbestemte spelarar var samla.

– Dette blir veldig spennande. Når Ørstahallen står ferdig får vi heilt andre moglegheiter enn kva vi har i dag. Vi får trent mykje meir som lag, både G16-laget og herrelaget. Eg trur det vil vere med på å skape motivasjon for dei som har vore med ei stund og dei unge. Eg er trygg på at dette blir veldig positivt, seier Vatsaas som vil fungere som ein spelande trenar på herrelaget.

I 2013 og 2014 var førre gong Ørsta hadde eit lovande G16-lag som inkluderte mellom andre Vatsaas, Per Ingebrigtsen og Leif-Erik Brenne. G16-laget til Ørsta har denne sesongen hatt ei veldig god utvikling og det er optimisme å spore att.

– Dei siste åra har det ikkje kome opp unge spelarar, men no kjem det eg ein generasjon. Eg trur at det kan bli veldig bra.

Felles satsing

Satsinga på herresida omfamna G16-laget og seniorlaget. I tillegg vil Ørsta igjen stille med lag i Regionsserien

– Vi skal ha eit fylkeslag for G16 i tillegg til regionslaget. For fylkeslaget blir fokuset utvikling, medan vi kjem til å vere litt meir resultatorienterte på regionslaget. For herrelaget vil fokuset vere mest på utvikling i det året som kjem, men vi skal klare å hevde oss godt, seier Vatsaas.

Det er fleire lovande spelarar som er på veg opp både frå Volda og Ørsta, og Vatsaas vil satse på dei unge spelarane.

– Dette er ei satsing på dei unge som no kjem opp. Eg trur også at det er dei som mest motiverte for å spele handball og for å trene mest. Eg vil ha fokus på at dei skal få lov til å utvikle seg. Dei som er gode nok frå G16 vil få prøve seg på høgre nivå.

Den ferske trenaren er trygg på at spelarane vil trene mykje og legge ned innsatsen som krevst for å lukkast.

– Det er ein ny giv inn i herrehandballen.