– Laurdag ventar ein tøff heimekamp når Storhamar kjem på besøk. Vi har noko å revansjere frå bortekampen mot Storhamar. Den kampen «plager» meg framleis, og vi håper å framstå på ein heilt annan måte denne gongen på heimebane, fortel Møistad.

Og legg til:

– Ei oppmoding går til alle i Volda og Ørsta: No må de kjenne dykkar besøkelsestid! Vi treng all den støtte vi kan få, og vi håper på sesong-rekord i hallen på laurdag.

Takka vere sponsormidlar vil alle barn kome inn gratis på denne kampen.