Kristi Himmelfartsdag baud kanskje ikkje på det beste vêret, men for skyttarane i Sollidalen var det blinkane som var i fokus. Skyttarane konkurrerte i klassene finfelt, grovfelt, militærfelt og revolverfelt, og stemnet var kretsmeisterskap for Møre og Romsdal i finfelt og grovfelt.

– Eg trur ikkje eg skal gå i detalj om korleis desse ulike inndelingane fungerer, humrar stemneleiar Are Berg.

– Men i korte trekk vert deltakarane delt inn i ulike grupper, dei stiller seg opp på ei rekke, og siktar og skyt på blink. Vi har ulike blinkar, alt etter kva kategoriar dei skyt i, og kan velje mellom ti ulike standplassar. Dei skyt også på tid, skildrar Berg.

Artig hobby

Å skyte med pistol er ein hobby Berg deler med minst 180 andre i Volda og Ørsta, jamfør medlemstalet til klubben.

– Det er ein hobby, og berre det Pistol kan vi ikkje nytte til så mykje anna enn akkurat dette, men det er utruleg artig, og vi har eit godt og kjekt miljø å vere i, seier Berg.

Pistolklubben har halde det gåande sidan 1963, og har eigne lokale i Sollidalen, og også treningar i kjellaren på kulturhuset når vêrgudane jobbar imot dei.

– Det fine med å skyte med pistol er mellom anna at det er lite utstyr som skal til. Vi slepp tunge klede til dømes. Det vi treng er ein pistol og vern for øyra, for det er ein ganske høg og skarp lyd frå pistolane.

For å få skyte med pistol må du ta eit sikkerheitskurs og vere aktiv medlem i ein klubb. Deretter kan du søke politiet om å få kjøpe våpen.

– At det er viktig med sikkerheit kan vi ikkje få understreka nok, og det er vi flinke til å minne kvarandre om, seier Berg.

Klubben har som regel fire stemne i sommarhalvåret og fire stemne i vinterhalvåret.

Stemneleiar: Are Berg frå Ørsta/Volda Pistolklubb. Klubben er aktiv, og har 180 medlemer.

Kretsmeister

Torsdag var det Rolf Toven frå Nesset Pistolklubb som vart kretsmeister i både finfelt og grovfelt etter omskyting i konkurranse med to andre.

Stemnevinnar i militærfelt vart Jon Ørsund frå Sunndal PK. I revolverfelt vart Tore Stensby frå Hamar IL beste skyttar. Tore Stensby var den einaste som klarte alle poenga i ein omgang.

I kretsmeisterskap er det også mogleg med lagskyting. To lag var påmelde i begge klassene, Sunndal PK og Ørsta/Volda PK. Sunndal vann både finfelt og grovfelt.