Handball  2.divisjon:

Voldasiger i slitekamp.

Kampfakta:  Volda – Sverresborg 2     30 – 23 (10-11)Voldahallen: 220 tilskodarar.Banens beste: Tonje Iren Berg. Volda sin beste : Malene AambakkVolda: Runa Vik, Inger Kristine Volden, Marie Heltne Nilsen, Malene Aambakk 15, Vilde Moltudal, Elena Dale, Marte Øvreeide 1,Anna Krumsvik 2, Malene Vatnehol, Eva Bjørk Hlodversdottir  4, Kaisa Holsvik, Rita-Kristin Rise 4, Stine J.Andersen 4.Toppskårarar  Sverresborg : Tonje Iren Berg 11, Kristine Takala 5.Utvisningar: Volda  1 x2min, Sverresborg  3 x 2minDomarar: Frode Strandmann/Roar Strandmann – greidde seg godt.

Laurdag kveld møtte Volda Trondheimslaget Sverresborg2 , eit lag som  kjempar for å unngå direkte nedrykk og som jakta poeng på Sunnmørsturen i helga. Lenge såg det ut som om dei skulle greie det, men Volda vakna kvarteret før slutt og kunne juble over to nye poeng på ein heller dårleg dag.

Før pause var det jamnt og begge lag sleit med å få ballen mellom stengene. Heimelaget fann aldri heilt ut korleis dei skulle kome gjennom eit godt trønderforsvar. Dette resulterte i mange halvsjansar og  det som kom av skot, gjekk til side for mål eller blei redda av ein god Sverresborgkeeper.I forsvar fungerte det bra, men Volda sleit med å stoppe Sverresborgveteran Tonje Iren Berg som dirigerte medspelarane sine svært godt.

Taktisk vri snudde kampen

Stillingskrigen held fram i starten på andre omgang og det var Sverresborg som var i føringa fram til 17-15. Voldatrenar Alfred Finnsson valgte då å legge ut ”frimerke” på speleoppleggaren Tonje Iren Berg. Dette blei nok nøkkelen til at kampen snudde. Heimelaget fekk fleire ballvinningar i forsvar og fekk  ei periode fleire kontringsmål.

Ti minutt før slutt var Volda oppe i 22-18 leiing og derifrå og ut hadde heimelaget full kontroll og kunne gå av bana med 30 – 23 siger.

Malene skåra 15

Ingen stor kamp av Volda  der særleg første omgang var direkte svak. Rett nok mangla heimelaget tre spelarar frå førsteseksaren. Linn Berg, Aukse Vysniauskaite og Kristine Vike var alle indisponible denne helga. Erstattarane deira gjorde sine saker svært bra, men det tok litt tid før timinga og rytmen i spelet satt som det skulle. Toppskårar Malene Aambakk  som bomma på nesten alt før pause, leverte ein formidabel andreomgang og klinte ballen i nettmaskane bak Sverresborg sin gode keeper Marie Klevjer heile 15 gongar. Kvifor trønderane ikkje la ut frimerke på henne forblir ei gåte.

På strek kom Voldakaptein Stine J.Andersen sterkare utover i kampen både i forsvar og angrep.I mål hadde Runa Vik ein vanskeleg jobb, men spelte seg stort opp mot slutten av kampen.

Elnesvågen og Ålesund HK neste

Kampen mot Sverresborg vil nok bli brukt på ein positiv måte med tanke på motstandarane som står att denne sesongen. I toppen blir Volda  pusta i nakken av Ranheim og Molde og må  prestere i kvar kamp framover for å halde desse laga bak seg. Komande søndag går turen til Fræna der dei skal møte botnlaget Elnesvågen. Det blir ein tøff kamp der Volda er klare favoritter, men må spele som eit topplag for å vinne.

To dagar seinare er det klart for ”slaget om Sunnmøre”. Då står Ålesund HK på den andre banehalvdelen i Voldahallen, ein kamp som nok vil fylle Voldahallen att.

I perioder var det vanskeleg å kome gjennom Sverresborg sitt forsvar, men her er Rita Kristin Rise gjennom og skårar. Foto: Trond Eidset.