Volda-trenar til Bergsøy

Lars Petter Rønnestad blir sportssjef i Bergsøy.  Foto: Bergsøy IL fotball

Sport

Lars-Petter Rønnestad har vore hovudtrenar for Volda sitt herrelag i fotball sidan 2019. I helga vart sesongen i 3. divisjon avslutta. Volda enda på 10.-plass og spelar i 3. divisjon også komande sesong. Det blir utan Rønnestad som trenar. Tysdag offentleggjorde Bergsøy at dei har tilsett Rønnestad som ny sportssjef. I tillegg skal han vere hovudtrenar for herrelaget.