Vil seg ikkje heilt for Ørsta

– Vi må vere på frå start

Ruben Rekkedal Nydahl skåra ti mål mot Charlottenlund 3, men Ørsta tapte kampen 36-31.  Foto: Joachim Åsebø

Sport

Handballherrane til Ørsta har ikkje fått den starten på sesongen som dei hadde håp om. Etter tre kampar var fasiten tre tap. Laurdag kveld stod eit ungt Charlottenlund 3 på motsett banehalvdel. Ørsta jakta sin første siger for sesongen, men det var gjestene som fekk den beste starten. Då kampen var ti minutt gammal stod det 10–6 på resultattavla i favør Charlottenlund 3. Fem minutt før slutt auka forspranget. Fire bortemål på rad gjorde at gjestene var i leiinga 19–12. Tre kjappe Ørsta-skåringar tetta forspranget litt og til pause var Charlottenlund 3 i leiinga 20–16.