Den einaste som matcha farten til Sjur tok OL-gull i Tokyo

Sjur Haug var suveren i Nordvest Maraton sist helg. Laurdag vart han nummer to i Bergen City Marathon bak OL-vinnar Kristian Blummenfelt.  Foto: Einar O. Trovåg/Arkiv

Sport

Laurdag vart Bergen City Marathon arrangert. På startstreken stilte mellom anna ørstingen Sjur Haug. Denne løpssesongen har Haug levert imponerande tider både på maraton- og halvmaraton. I Bergen var det eit sterkt startfelt. Mellom anna stod Kristian Blummenfelt, som vann OL-gull i triatlon i Tokyo, på startstreken.