Tilbake til Island - får med seg lagkamerat

Klar for islandsk fotball: Knut Erik Myklebust skal tilbake til Island og spele i Höttur.   Foto: Privat

Sport

Ørstingen Knut Erik Myklebust har hatt to opphald på Island i klubben Höttur. 27. mars reiser han på ny og får med seg lagkamerat Magnus Lien Bischoff frå Volda.

– Dette gjer vi enkelt og greitt for at vi ikkje får spele kampar eller trene, og det er ingen antydning på endringar. Det var eigentleg eit lett val når eg fikk moglegheita til å spele her igjen, seier Knut Erik Myklebust til Nærnett.


Knut Erik tilbake til profflivet på Island

– Overgangen skjedde fort

I fjor haust hadde Knut Erik Myklebust eit fotballeventyr i den islandske klubben Höttur. No er han tilbake på Island på lån frå Volda.


I august i fjor reiste Myklebust tilbake til Island for sitt andre opphald i Höttur. Bakgrunnen den gongen var og at seriespelet ikkje kom i gang i Noreg grunna koronarestriksjonar. I år vil seriespelet tidlegast kome i gang i mai på Sunnmøre, men slik situasjonen er no er det ingen garantiar for at det skjer. For Bischoff blir det første opphald på Island og ein utanlandsk klubb. Ørstingen og voldingen skal spele på Island til det blir gitt grønt lys for seriefotball i Noreg att.

– Eg veit ikkje så mykje om fotballen på Island, men eg trur det blir fysisk. Det blir mykje kampar på gras som er litt uvant, men eg såg nokre av kampane til Knut i fjor, og trur eg skal ta nivået. Island verkar som et fint land og det blir ei artig oppleving, seier Bischoff til Nærnett.

Myklebust og Bischoff går på lån frå Volda til islandske klubben. Første kamp på Island blir 10. april.