– Nei til toppidretten

I Volda campus Sparebank1 arena skulle Volda møter Grane Arendal søndag. No er kampen utsett.   Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

Volda handball skulle i aksjon igjen på heimebane søndag mot Grane Arendal. I tillegg skulle KFUM Volda sitt eliteserielag kome i gang att med seriespelet etter ein lengre pause. Desse kampane blir no avlyste. Det kom fram etter at regjeringa la fram nye tiltak knytt til korona. Regjeringa opnar ikkje opp att for kampar i toppidretten.

For barn og unge blir varsamt opna opp att.

– Barn og unge under 20 år kan konkurrere og vere med på idrettsarrangement. Innandørs kan det vere inntil 50 menneske på desse arrangementa, 200 ute, sa statsminister Erna Solberg då ho heldt koronapressekonferanse fredag.

Regjeringa opplyser og at det blir ingen store koronalettar nasjonalt før tidlegast i midten av mars