– Madelen er ein spelar vi følgt med på lenge. Ho var ein viktig spelar i IL Valder sitt gode 2003- kull som imponerte mange i fjorårets nasjonale Bring-serie. I år har Madelen storspela i 20-årsserien for Godøy med 56 mål på åtte kampar. Ho er framleis ung (fyller 18 år i juni), men allereie ein spennande spelar med mange ferdigheiter, seier Volda-trenar Halldór Stefán Haraldsson til Volda handball sine heimesider om nysigneringa Madelen Roald Wiig.
Ny signering for Volda
Madelen Roald Wiig har signert for Volda og kjem frå Godøy IL. Foto: Volda handball
Sport