Tap i siste heimekamp

Ørsta/Hovdebygda framleis på topp

Sjølv om Spjelkavik vann 3-1 på Aurstad Arena måndag kveld er Ørsta/Hovdebygda framleis i førarsetet i 1. divisjon for G19. Med siger mot Valder i siste seriekamp vert Ørsta/Hovdebygda krinsmeister.

Fotball  Foto: Rune Sæbønes

Sport

Etter sju serierundar toppa Ørsta/Hovdebygda 1. divisjon. Avstanden ned til Valder på 2.-plass var to poeng og Spjelkavik på 3.-plass var tre poeng bak Ørsta/Hovdebygda.