Ørsta/Hovdebygda vann tøff bortebatalje

Ørsta/Hovdebygdavann 3-1 borte mot Ørskog/Stordal måndag kveld.  Foto: Privat

Sport

Etter ei spelefri veke vart det igjen full runde i 1. divisjon for G19 måndag kveld. Ørsta/Hovdebygda, som låg på 1.-plass før runden, tok turen til Ørskog for å møte Ørskog/Stordal. Det vart ein tøff kamp for gjestene. Vertane tok ingen sjansar i spelet sitt og slo ballen langt konsekvent gjennom kampen. Ørsta/Hovdebygda prøvde å presse høgt i bana, men fekk ikkje resultat. Gjestene spelte seg ut bak i bana gjennom midtbana og kom på fleire gode overgangar gjennom kampen. Etter tjue minutt fekk Ørsta/Hovdebygda straffespark. Kaptein Markus Bolli Austrheim var trygg frå straffemerket og sende Ørsta/Hovdebygda i leiinga.