Ørsta og Hodebygda ser fram til 2021

– Vi skulle fått beskjed om at sesongen var kansellert for lenge sidan

Ørsta i 5. divisjon og Hovdebygda i 4. divisjon har ikkje opplevd stort fråfall knytt til uvissa om årets fotballsesong. Begge lag ser no fram til 2021 og vonar at fotballen kjem i gang.

Ørsta-trenar Vegard Heltne er imponert over spelargruppa, men er ikkje sikker på at seriespelet kjem i gang som normalt i 2021.  Foto: Joachim Åsebø/Arkiv

Sport

– Eg er berre glad for at vi har fått ein klar beskjed. Spør du meg så har dei kødda med oss og vi skulle fått beskjed om at sesongen var kansellert for lenge sidan. Sjølv om det har vore eit håp har det vore eit håplaust håp, seier Ørsta-trenar Vegard Heltne.