Knut Erik tilbake til profflivet på Island

– Overgangen skjedde fort

I fjor haust hadde Knut Erik Myklebust eit fotballeventyr i den islandske klubben Höttur. No er han tilbake på Island på lån frå Volda.

Klar for islandsk fotball: Knut Erik Myklebust er tilbake på Island og klar for spel i Höttur. Foto: Privat 

Sport

– Höttur ønskte meg før sesongen som starta 15. juni. Eg ville vere i Volda og har heile vegen trudd at sesongen her heime skulle kome i gang. Höttur har følgt nøye med på det som har skjedd i Noreg rund fotballen. Eg har gitt beskjed om at no trur eg at vi kjem i gang, men det har ikkje skjedd, seier Myklebust som no er i karantene på Island fram til måndag.