Vil ha i gang att breidde- og barnefotballen

– Fornufta må sigre og det må opnast opp att for breiddefotballen

Sport

Norges fotballforbund ber regjeringa om at det vert opna opp att for vanlege fotballtreningar for alle frå 1. juli, og at seriespel på alle nivå kan kome i gang 1. august. VG avslørte at helsemyndigheitene ikkje vil opp for fullt for barne- og breiddefotball før 1. september. Det har fått mange til å reagere. Spesielt i breiddefotballen.